Full korona-mobilisering på Bryneheimen

BRYNEHEIMEN: Eit informasjonsskriv var hengt opp på døra på Bryneheimen onsdag morgon.

BRYNEHEIMEN: Eit informasjonsskriv var hengt opp på døra på Bryneheimen onsdag morgon. Foto:

Nytt informasjonsmøte for dei tilsette på onsdag.

DEL

Kommuneoverlege Øystein Øgaard opplyser onsdag at Time kommune mobiliserte utover ettermiddagen kvelden tysdag.

– Me fekk tatt ut tilsette som har vore i kontakt med personen som er smitta, og me har gått ut til dei tilsette som nå er på jobb med informasjon, nye hygiene-retningslinjer og kva dei må vera obs på i tida framover, seier Øgaard og legg til at pårørande også er varsla om situasjonen.

Følgjer nøye med

Kommuneoverlegen opplyser vidare at det vil vera eit nytt informasjonsmøte for dei tilsette midt på dagen på onsdag. Der vil det bli gått detaljert gjennom situasjonen og tiltak.

– Kva gjer de nå opp mot bebuarane på denne avdelinga?

– Me følgjer veldig nøye med på om dei utviklar symptom. Viruset har opp til 14 dagar inkubasjonstid. Får nokon symptom, må dei i så fall isolerast meir, seier Øgaard og forklarer at ein ikkje testar før ein person har utvikla symptom.

– Testen slår vanlegvis ikkje ut før det er utvikla symptom, opplyser han vidare.

– Absolutt i risikogruppa

Den råka avdelinga har åtte bebuarar. Jærbladet kjenner til at desse vart isolerte på romma sine medan avdelinga vart vaska ned.

– Eg trur bebuarane tek dette med fatning, men det er eit stort informasjonsbehov, seier kommuneoverlegen og fortel at alle på avdelinga har høg alder og har omfattande helseproblem og mange kroniske helseplager.

– Dei er absolutt i risikogruppa, avsluttar han.

Bryneheimen har plass til 58 pasientar. Sjukeheimen har 100 fast tilsette og 35 personar som går ekstravakter og er tilkallingspersonale.

Alle som kjem til Bryneheimen onsdag blir møtt av eit informasjonsskriv frå kommunen på døra. Her blir det informert om situasjonen og at personen som har fått påvist smitte var på jobb i helga. Både den smitta og arbeidskollegaer som ho hadde nærkontakt med i helga, er sette i karantene.

Artikkeltags