Den eine garden som har adresse Hadlandsvegen 31 ved Vigrestad, låg også ute i marknaden for eitt år sidan. No er han attende.

– Salsannonsen har ikkje lege ute det siste året, men garden er framleis til sals, opplyser Bernt Undheim (68) som enno arbeider som aktiv bonde.

Prisantydinga for garden der det blir drive med sau og gris, er 15,9 millionar kroner.

Sist garden låg ute, var prisantydinga 17 millionar kroner. Garden ligg på Herikstad, cirka tre kilometer sør for Vigrestad.

To på heile Jæren

Det andre gardsbruket, som har adresse Hårrvegen på Vigrestad, blei lagt ut på finn.no den 12. april i år.

Bruket har ein mjølkekvote på nesten 100.000 liter. Garden er til sals for 11,7 millionar kroner.

Gardsbruka på Vigrestad som no er til sals, er dei einaste gardane på Jæren som for tida ligg ute til sals i den opne marknaden.

Kristine Ree Espedal, avdelingsleiar hjå Eiendomsmegler 1, har hand om begge gardssala. Ho trur det er heilt tilfeldig at begge gardane som no er til sals, ligg på Vigrestad.

– Dette handlar også om to ulike gardar, der berre den eine er i full drift og har dyr, seier Ree Espedal.

Ho opplyser at det blir arbeidd med interessentar kring garden i Hårrvegen. Garden på Herikstad blei lagt ut på finn.no fredag ettermiddag. På begge gardane er det visning etter avtale med meklar.

Bygningar og jord

På Herikstad er det følgjande bygningar: Våningshus, grisehus og sauehus/maskinhus

Det totale arealet på eigedommen er på 815 dekar der 144 dekar er fulldyrka, 11 dekar er overflatedyrka, 459 dekar er beite og 42 dekar er produktiv skog. 148 dekar er anna areal/utmarksbeite. Dagens produksjon er gris og sau.

Eigedommen i Hårrvegen har eit totalareal på 119, 5 dekar, der 98,6 dekar er dyrka. 11,8 dekar er innmarksbeite og 9,1 dekar er anna areal.

Bygningane på garden er våningshus og driftsbygning med garasjar.

Det er i dag ingen produksjon på eigedommen i Hårrvegen. Mjølkekvota på cirka 100.000 liter er utleigd. Prisantydinga som er oppgitt, er inkludert mjølkekvote.