Han seier vidare at det har vore særs motiverande å jobba for Senterpartiet og at det og er kjekt å ha fått tillit av partiet og Stortinget til å vera leiar av næringskomiteen dei siste seks åra.

- Målet for valet må sjølvsagt vera å få inn to Sp-representanter frå Rogaland og at Senterpartiet kjem i regjering att. Norge treng ein ny kurs etter ein periode med alt for mykje sentralisering, byråkratisering og privatisering av Norge, seier Pollestad, og fortset:

- Eg har stor tru på at Senterpartiet sin politikk med beredskap, tenester nær folk og fokus på det nasjonale vil ha brei appell hos folk som tidlegare har stemt på mellom anna Ap og Høgre.