Go-Ahead innstiller fleire lokaltog

FÆRRE TOG: Frå måndag av går det færre lokaltog.

FÆRRE TOG: Frå måndag av går det færre lokaltog. Foto:

Go-Ahead innstiller fleire tog frå måndag morgon av.

DEL

(Dalane Tidende) Go-Ahead melder at fleire lokaltog vil bli innstilte på grunn av koronasituasjonen. Det skal køyrast laurdagsrute på vekedagane, men det blir likevel fleire avgangar på morgon og ettermiddag enn på ein ordinær laurdag. Frå og med laurdag neste veke skal det køyrast sundagsrute på laurdagar.

Endringane vil gjelda inntil vidare.

– Me er leie oss for dette, men me håper at dei reisande forstår situasjonen heile det norske samfunnet nå er i, uttaler administrerande direktør i Go-Ahed Norge, Cathrine Elgin.

Det har vore nedgang i talet på reisande sidan sjukdommen braut ut. Samtidig er det auke i sjukefråværet i Go-Ahead.

Innstillingane er gjort i samråd med Jernbanedirektoratet.


Desse avgangane går frå måndag til fredag, i tillegg til avgangane på laurdagsruta:


· Avgang frå Egersund kl. 04:53 med framkomst Stavanger kl. 06:00

· Avgang frå Egersund kl. 05:18 med framkomst Stavanger kl. 06:30

· Avgang frå Egersund kl. 05:51 med framkomst Stavanger kl. 07:00

· Avgang frå Stavanger kl. 04:49 med framkomst Egersund kl. 06:05

· Avgang frå Stavanger kl. 05:24 med framkomst Egersund kl. 06:34

· Avgang frå Stavanger kl. 06:24 med framkomst Nærbø kl. 07:03

· Avgang frå Stavanger kl. 07:24 med framkomst Nærbø kl. 08:06

· Avgang frå Nærbø kl. 07:11 med framkomst Stavanger kl. 07:50

· Avgang frå Nærbø kl. 08:18 med framkomst Stavanger kl. 09:00


Frå og med laurdag 28. mars vil selskapet køyra sundagsrute på laurdagar:


· Dette betyr at det skal køyrast timesavgangar mellom Stavanger og Egersund

· Frå Stavanger til Egersund blir første avgang kl. 08.54 og siste avgang kl. 23.54.

· Frå Egersund til Stavanger blir første avgang kl. 09.16 og siste avgang kl. 23.21.

Artikkeltags