Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Valget er over, resultatet i Hå kommune syner rein klar framgang for dei borgarlige partia samt SV. Regjeringpartia (AP og Sp) og Hå-lista går tilbake. På valgnatta såg ein tidleg at det var duka for ein stor koalisjon når makta skulle fordelast.
Dei tidlegare samarbeidspartia Krf, Sp og Høgre fant fort saman, og spenninga var då kven andre som skulle verta inviterte inn i varmen. Det gjekk ikkje lange stunda før FrP satt rundt bordet. Litt underlig når ein tenkjer på den politiske avstanden som har vore mellom desse i inneverande periode.
Etter ei tid smaug også Ap inn døra og storkoalisjonen var eit faktum. Avtalen vart presentert med ordfører og varaordfører på plass, samt at storkoalisjonen hadde krav på 8 av 9 plasser i formannskap og alle hovedutvalg.
Opposisjonen Hå-lista, SV, Konservativt og Industri- og næringspartiet (INP) skulle da fordela den siste plassen. Ein trong imidlertid ikkje vera matematiker for å skjøna at storkoalisjonen ikkje hadde nok mandat bak seg for ei slik framferd. Dei mangla eit mandat.
Dette minner oss om det gamle ordtaket om ikkje å selja skinnet før bjørnen er skutt.
Dagen etter samla opposisjonen seg for å fordele det som var att. For å berga lasset inviterte så storkoalisjonen det nye partiet INP inn i varmen og ga dei godt betalt. Fleirtalet var nå sikra.
Det framstår som underlig at samarbeidspartia valgte å gå til INP og ikkje SV. SV har i inneverande periode, saman med AP, samarbeida med posisjonen om blant anna budsjett. Underlig er det også at Ap valgte å gå inn i eit samarbeid med Frp og Høgre framfor SV i opposisjon, SV hjalp blant anna Ap inn i formannskapet i noverande periode.
Tilbake sit nå SV og partiet Konservativt saman med Hå-lista. Hå-lista kunne da med sine 4 mandat ta alt som vart tilgodesett opposisjonen og slik vart det.
Det har aldri skjedd i Hå politikken at noko parti har vorte støtte ut, og ikkje tilgodesett med nokon ting korkje frå posisjonen eller resten av opposisjonen (Hå-lista).
Ein kan undra seg over at storkoalisjonen vel å tilby INP ein plass i varmen, og ikkje SV som har vore ein samarbeidspartner i dei siste 3 budsjetta. INP er også lenger frå tyngdepunktet i storkoalisjonen når det gjeld aktuelle politiske saker som sambrukshuset og gardsvindmøller.
Den grådigheit og totalt manglande rausheit som her utvises er ikkje mindre enn ein hån mot vårt demokratiske system, og ein forakt mot veljarane.
Med INP inne i varmen, kunne endelig bjørnen fellast og skinnpengane fordelast, om enn ikkje broderlig, eller kva?