Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
"Du kjem ikkje til Bryne og køddar med Brauten", seier ein opphissa Geir Pollestad og kastar Brann-drakta si i søpla. Ja ja. Det er i alle fall lokalpopulisme i beste Senterparti-ånd.
For tenk no etter, uavhengig av kven ein held med og korleis ein synest det er med Bryne og Brauten og heile sirkuset: Kor ville det elles vore naturleg å "kødda"? På Åråsen? Lerkendal?
Nei, nemleg! Kampen på søndag var sjølvsagt både tida og staden dersom noko i det heile skulle seiast om den uheldige utviklinga i toppfotballen. Med TV-merksemd, provokasjon og alt ein pr-rådgjevar elles ville ha nikka til.

Kaster Brann-drakta i søpla etter dette banneret: – Dobbeltmoralsk
"Dobbelmoral", kjeftar Pollestad vidare. Nei, det er det slett ikkje – ikkje før Brann eventuelt sel ein spelar til Manchester City eller andre klubbar der eigarane har blod på hendene.
Å meina det somme Brann-fans openbert meiner om saka, er derimot heilt legitimt. Ein treng ikkje vera samd i kritikken for å innsjå såpass.
Geir Pollestad er stortingspolitikar. Då bør han òg kunne sjå det store bildet og ta inn over seg kva som skjer med fotballen på internasjonalt toppnivå.
I denne saka gjer han ikkje det – han tar i staden ein slags "Du kjem ikkje til Nasaret og køddar med Jesus" og gjer seg sånn sett til ein småtingspolitikar.
