Gå til sidens hovedinnhold

Gut (15) hamna i grøfta med tjuvlånt bil

Den unge guten ringde sjølv politiet og melde frå om at han hadde krasja.

Det var klokka 03.07 natt til måndag at guten ringde naudtelefonen til politiet etter å ha krasja på Brusand. 15-åringen hadde tjuvlånt bilen av foreldra, og krasja med denne. Han sa at han var uskadd/hadde mindre personskadar. Ein politipatrulje rykka ut til staden for vidare undersøkingar, melder politiet på Twitter.

15-åringen var åleine då han køyrde bilen, og han mista kontrollen over køyretøyet og hamna i grøfta. Bilen fekk store materielle skader og måtte tauast vekk.

– 15-åringen stod fram som uskadd etter hendinga, men han blei køyrt til legevakta for ein rutinesjekk, opplyser Eldfrid Vestbø, politikontakt i Time.