Gå til sidens hovedinnhold

Hå åpner for bestilling av vaksiner på nett

Det melder kommunen i en pressemelding.

Er du tilknytt eit av ei kommunale legekontora på Nærbø, Varhaug eller Vigrestad, og er i alderen 69-75, kan du bestilla time på nettsidene til kommunen.

Timane blir lagt ut fortløpane, så dersom ein ikkje finn ledige timar, er det berre til å venta nokre dagar og prøva igjen.

Kommunen opplyser at dei som ikkje får det til, kan ta kontakt med legekontoret.

Pasientar knytta til legekontoret Stavnem Helse, vil få eiga innkalling, og treng ikkje ta kontakt.

Dersom du ikkje ønsker vaksina, kan også det registrerast på nettsida.

Har du fastlege i ein annan kommune, kan du logga deg inn på nettsida og skriva deg på venteliste. Då vil du få moglegheit til å bestilla time når det er opna for di prioriteringsgruppe.

Hå kommune har nå gjeve alle over 80 år tilbod om vaksine. Pasientar i denne aldersgruppa som ikkje har fått tilbod om vaksine, bør ta kontakt med fastlegen sin.