Gå til sidens hovedinnhold

Hå åtvarar om dårleg vasskvalitet på badeplassar

Kommunen var ute og testa vasskvaliteten på populære badeplassar 1. juli.

Etter målingar 1. juli er det fleire badeplassar i Hå som ikkje har akseptabel vasskvalitet. Denne typen målingar baserer seg på at «god kvalitet» betyr mindre enn 100 tarmbakteriar per 100 milliliter, «akseptabel kvalitet» har mellom 100 og 1000 tarmbakteriar, og at «ikkje akseptabel kvalitet» har over 1000. Alle stadane som er testa høyrer til sistnemnde kategori.

– Risikoen er ikkje så veldig stor for dei som eventuelt badar, men når det er på dette nivået, skal ein unngå å få vatnet i seg. Då er det typisk mage- og tarmplagar ein kan få. Når det er over 1000, så anbefaler me difor ikkje å bade, seier kommuneoverlege Anders Madsen i Hå kommune.

Folkehelseinstituttet skriv på sine nettsider at viss ein først blir sjuk, så er det mest vanleg med infeksjonar i auge, øyre og på huda, i saman med marge- og tarminfeksjonar.

Kommunen skal sette opp skilt som råder mot bading på desse stadane:

Badeplass Vasskvalitet
Ognaelva nedanfor fylkesveg 44 Ikkje akseptabel
Rennå, Brusand

Ikkje akseptabel

Salteånå ved Refsnes

Ikkje akseptabel

Brusand camping (i sjøen)

Ikkje akseptabel

Her kan du sjå ei oversikt over tilrettelagde badeplassar i kommunen: