Gå til sidens hovedinnhold

Hå åtvarar om dårleg vasskvalitet på visse badeplassar

Kommunen var ute og testa vasskvaliteten på populære badeplassar 15. juli.

Etter målingar 15. juli er det fleire badeplassar i Hå som ikkje har akseptabel vasskvalitet. Denne typen målingar baserer seg på at «god kvalitet» betyr mindre enn 100 tarmbakteriar per 100 milliliter, «akseptabel kvalitet» har mellom 100 og 1000 tarmbakteriar, og at «ikkje akseptabel kvalitet» har over 1000.

– Risikoen er ikkje så veldig stor for dei som eventuelt badar, men når det er på dette nivået, skal ein unngå å få vatnet i seg. Då er det typisk mage- og tarmplagar ein kan få. Når det er over 1000, så anbefaler me difor ikkje å bade, sa kommuneoverlege Anders Madsen i Hå kommune til Jærbladet ved førre måling.

Folkehelseinstituttet skriv på sine nettsider at viss ein først blir sjuk, så er det mest vanleg med infeksjonar i auge, øyre og på huda, i saman med marge- og tarminfeksjonar.

Kommunen skal sette opp skilt som råder mot bading stadar med uakseptabel kvalitet. Her er målingane:

Badeplass Vasskvalitet
Ognaelva Ikkje akseptabel
Rennå, Brusand

Ikkje akseptabel

Brusandstranda/Fuglestadåna ved Rennå

Akseptabel kvalitet

Salteånå ved Refsnes

Ikkje akseptabel

Stemmavatnet God kvalitet

Her kan du sjå ei oversikt over tilrettelagde badeplassar i kommunen: