Odland-bønder legg sykkelstistrid bak seg

SLUTT: Grunneigarane Jarle Waldeland (t.v) og Egil Odland sat 
på tilhøyrarbenken på kommunestyret 
torsdag. Dei vil nå 
leggja konflikten bak seg.

SLUTT: Grunneigarane Jarle Waldeland (t.v) og Egil Odland sat 
på tilhøyrarbenken på kommunestyret 
torsdag. Dei vil nå 
leggja konflikten bak seg. Foto:

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

– Denne saka har ingen vinnarar, meiner Egil Roald Odland og Jarle Waldeland.

DEL

I kommunestyret torsdag vart det sett punktum for ein lang konflikt mellom Hå kommune og to grunneigarar på Odland.

Likevel stod ikkje stemninga i taket verken i kommunestyresalen eller på Odland.

– Me ville aller helst ha flytta sykkelstien inn der han burde ha vore. Nå ligg han framleis med sine lange skråningar. Eg er letta over at det nå er over, men føler likevel me sit igjen med svarteper, seier grunneigar Egil Roald Odland.

LES OGSÅ: Sette punktum for Odland-konflikt.

– Tok meir areal

Odland fortel at han og nabo Jarle Waldeland oppfatta at dei forhandla fram ei løysing med kommunen om ein sykkelsti som skulle fylja terrenget og ha ei breidde på tre meter, i tillegg til grøfter på til saman tre meter. Resultatet vart eit anna. I tillegg til at grøfta mellom bilveg og sykkelveg nokre stader er breiare enn tre meter, har det også blitt laga lange skråningar ned mot kjelva til Odland sidan sykkelvegen ligg høgare enn terrenget elles. Derfor opplever grunneigarane at det har gått med langt meir jord enn det på førehand var avtala.

Grunnen til dei breie grøftene mellom bilveg og sykkelveg har i etterkant blitt grunngjevne med ei planlagt utviding av fylkesvegen, ei utviding verken grunneigarar eller politikarar var kjende med.

– I etterkant skulle ein ikkje tru at me og kommunen hadde vore på same forhandlingsmøte. Eg hadde ikkje forventa dette av Hå kommune, seier Odland

– Skuffa

Odland innrømmer at det har vore harde tak og mange søvnlause netter. Sjølv om den godkjende avtala nå sikrar han og Waldeland til saman rundt ein million kroner, føler han ikkje det er verdt ei feiring.

– Dette er å bruka skattepengane våre til å betala seg ut av ein av kommuneadministrasjonen sine feil. Me er veldig skuffa over det som har kome fram i saka. Det er vanskeleg å kjempa mot både kommuneadministrasjon og fylkesmannen, men me har lært veldig mykje. Eg synest framleis det me har opplevd er heilt borti veggane. Eg vil anbefala alle andre å kontakta advokat viss dei skal i forhandlingar med kommunen, seier Odland.

I kommunestyremøtet lufta Frp-politikar Svein Arve Nygård om kommunen sitt kontrollutval burde sjå på denne saka. Det meiner Odland er ein god idé.

– Eg håper det blir gjort og trur det kan vera godt for både denne saka og for komande saker, seier han og legg til at både han og Jarle Waldeland nå er klare for og nøydde til å leggja denne saka bak seg.

Artikkeltags