Brann i einebustad på Varhaug - kvinne og barn kom seg sjølv ut av det brennande huset

BUSTADBRANN: Frå brannen i Skreddarvegen på Varhaug som blei meldt like før klokka 12.00 tysdag.

BUSTADBRANN: Frå brannen i Skreddarvegen på Varhaug som blei meldt like før klokka 12.00 tysdag. Foto:

Alle naudetatar rykka ut til ein brann i ein einebustad i Skreddarvegen på Varhaug.

DEL

Utrykkinga til brannen i einebustaden skjedde kring klokka 12.00 tysdag. Like før klokka 12.30 melder politiet at brannmannskapa har kontroll over brannen, og at ettersløkkinga har starta.

– Dei har kontroll på brannen og driv nå med ettersløkking, sa operasjonsleiar Christer Gilberg ved Rogaland brann og redning, til Jærbladet klokka 12.25.

Gilberg opplyser at to personar, ei kvinne og eit barn, tok seg ut av av huset for eigen maskin, då brannen oppstod. Dei er sjekka av helsepersonell og er uskadde, melder politiet på Twitter.

BRANN: Det var stor utrykking til einebustaden på Varhaug, som byrja å brenna like før klokka 12.00 tysdag.

BRANN: Det var stor utrykking til einebustaden på Varhaug, som byrja å brenna like før klokka 12.00 tysdag. Foto:

Politiet har starta etterforsking på staden, med avhøyr av vitne.

Brannvesenet sikra også den brennande bustaden mot nabohuset, slik at det ikkje var fare for at brannen skulle spreia seg vidare.

Artikkeltags