Mann påkjørt i fotgjengarfelt på Nærbø

Ein mann, som blei påkjørt i fotgjengarfeltet ved biblioteket på Nærbø, blei ikkje alvorleg skadd. Det melder politiet på Twitter.

DEL

Ulukka skjedde ved 08.00-tida måndag morgon.

Fotgjengaren klaga over vondt i beina etter påkjørselen.

Politiet melder at trafikken flyt greitt på staden, og vil undersøkja kva som har skjedd.

Artikkeltags