Jærsk biff til topps i verdsmeisterskap

VERDENSTOPPEN: Prima Jæren mottok både sølv og bronse under World Steak Challenge i Dublin i år. Dette var første gong dei deltok i konkurransen. På biletet startar MENY-sjef, Vegard Kjuus, og Prima-eigar, Anbjørn Øglend, bygginga av forskingsfjøset på Angusgarden i Egersund.

VERDENSTOPPEN: Prima Jæren mottok både sølv og bronse under World Steak Challenge i Dublin i år. Dette var første gong dei deltok i konkurransen. På biletet startar MENY-sjef, Vegard Kjuus, og Prima-eigar, Anbjørn Øglend, bygginga av forskingsfjøset på Angusgarden i Egersund. Foto:

Blant dei store kjøttnasjonane USA, Scotland, Uruguay, Argentina og Australia, vann den jærske kjøttleverandøren Jæren Prima sølv og bronse med Norsk ANGUS.

DEL

25 land konkurrerte om å vinne World Steak Challenge i Dublin i år. Jæren Prima tok to medaljar. Norsk ANGUS Entrecote gjekk av med sølvmedaljen, medan Norsk ANGUS dryg ages Ytrefilet fekk bronse. Dette var første året bedrifta deltok i konkurransen, og er både stolte og glade for å bli premiert ved første forsøk.

– Me valte å delta i år med eit ønske om å læra og forstå meir om utviklingsmoglegheitene for Prima Jæren si nasjonale satsting på Norsk ANGUS, seier dagleg leiar av Prima Jæren, Rene Nielsen.

God reklame

Prisutdelinga frå World Steak Challenge brukar vinnarane i kommunikasjonen ovanfor kundar og konsumentar som ei stadfesting av verdsleiande kjøttkvalitet.

– Premieringa er ei stor honnør til våre dyktige produsentar, våre tilsetje, samt til arbeidet som me saman med MENY har lagt ned i verdikjeda for å levere biff av internasjonal toppkvalitet til våre konsumentar, seier Nielsen.

Prima Jæren leverer kjøtt til MENY-butikkar landet rundt. MENY-sjef, Vegard Kjuus, meiner prisen vidare vil motivere MENY og deira norske produsentar til å fortsette å yta innsats i utviklinga av Norsk ANGUS-kjøtt.

– MENY sin kjøttleverandør, Prima Jæren, dokumenterer her at det er mogleg å produsera biff i verdsklasse med base i norske råvarer og norske arbeidsformer. Dei stadfestar også at me er i ferd med å lykkast med eit mål om å levera førsteklasses biff med basis i Norsk ANGUS på stabilt nivå til norske konsumentar, seier Kjuus.

Etablert eigen forskingsgard

Gründer og aktiv Prima-eigar, Anbjørn Øgland, fortel at dei har etablert eit tett nasjonalt samarbeid med produsentar som har ønska å satse på ei profesjonell utvikling av kjøttferasen Angus, i tillegg til å etablere eit nasjonalt slakteri i samarbeid med Nortura og Norsk ANGUS foreining. For fire år sidan etablerte dei ein eigen ANGUS forskingsgard utanfor Egersund, som har vore i drift sidan.

– Me visste at me stod føre eit langvarig løp som ville bli veldig kostnadskrevjande. I løpet av dei åtte åra me har arbeida fram Norsk ANGUS, er det investert over 100 millionar kroner til ulike former for utviklingsarbeid. Derfor er me stole over at alt arbeidet har resultert i at me kan dokumentera at MENY og Prima Jæren forsyn norske konsumentar med biff av verdsklasse, seier Øgland.


Artikkeltags