Dan Cato Olsson handlar raskt og tenkjer
 etter på. Då blir det sjeldan kjedeleg.

– Eg er rastlaus. Det må skje noko, og eg kan ikkje halda på berre med ein ting. Eg må alltid ha nokre sideprosjekt, fortel Olsson.

Av den grunn har han for eksempel bygd tre hus på Klepp Stasjon.

– Eg likar å kjøpa og selja, og har alltid vore litt kremmar, fortel han.

Rett som det er går han inn i ting med katastrofalt dårlege konsekvensanalysar. Som då han tok ein tur til Bryne for å kjøpa fliselim, men kom heim med ei campingvogn.

– Kona lurte på kva me skulle med den. Fem dagar etter, då ho hadde fått tenkt på det, syntest ho det var ein god idé. Problemet då var at eg alt hadde selt vogna, så då måtte eg kjøpa ei ny, fortel han med eit smil.

Frå skuletapar til bedriftseigar

I dag, tysdag, rundar Dan Cato Olsson 50 år. Me møter han for jubilantintervju på kontoret i 16. etasje i høghuset på Bryne. Der driv han sitt eige reklamebyrå – Olsson AS – med berre seg sjølv som tilsett.

– Me produserer i all hovudsak trykksaker, med Frelsesarmeen sentralt og Fuelbox som største kundar, fortel Olsson, som kunne feira 10-årsjubileum for bedrifta i fjor.

Skrur me tida tilbake 40 år, er det ikkje sikkert at alle ville trudd at dagens jubilant skulle få sitt eige reklamebyrå.

– Allereie i fjerde klasse var eg drittlei, og bestemte meg for at eg heller ville læra meg sjølv det eg trengde. Eg har alltid vore interessert i å læra, og les mykje, men eg var ikkje interessert i skulen. Eg treivst forresten ganske godt saman med dei andre på skulen – men eg trur ikkje lærarane treivst så godt med meg, fortel han.

I starten av åttande var han meir på gangen enn i klasserommet, og rektor gav han eit val: bli overført til spesialskule eller gå ut og skaff deg ein jobb to dagar i veka. Unge Dan Cato tok turen til industriområdet Håland, og fekk napp den første staden han kom til: Rør & Blikk. Omtrent på same tida begynte han å jobba som avløysar.

– Arbeidet var viktig, særleg å vera avløysar. Der lærte eg å jobba effektivt og få jobben gjort.

Les også: Dan Cato Olsson kjørte USA på tvers på to uker. Det ble det bok av.

Utdanna trykkjar

Han hadde eigentleg bestemt seg for aldri meir å gå på skule, men etter å ha stått på fabrikk og lagt pakningar i vindauge i heilt år etter ungdomsskulen, spurte han seg sjølv om det var dette han ville resten av livet. Det enda med at han søkte på murarlinja på Bergeland vgs – som hadde dei lågaste inntakskrava – utan å koma inn.

Første skuledag ringte han og spurte om alle hadde kome. Det hadde dei ikkje.

– «Flott, då kjem eg», sa eg, men slik fungerte det visst ikkje. I alle fall fekk eg snakka meg til å få koma inn i klassen éin dag. På slutten av dagen sat læraren med beina på bordet, og eg såg at det nesten var hol på solane under skoa hans. Eg jobba litt hos skomakaren her nede, Peder, så eg sa: «Eg kan ta med dei skoa dine og skifta solane, så får du dei att i morgon». Og så gjorde eg det. Då var eg inne i varmen. Men dei solane måtte eg betala ti kroner stykket for – av eiga lomme, fortel han med eit smil.

Olsson fekk hangla seg gjennom skuleåret på eit vis, og etterpå fekk han læreplass som offsettrykkjar hos Bryne Offset – der far hans var medeigar. Der hadde han ein fantastisk arbeidsplass, med kollegaer som engasjerte seg både fagleg og i samfunnet, og som lærte han verdien av å gjera ting skikkeleg. Han blei i Bryne Offset i 16 år etter læretida, 10 år som trykkjar og seks som seljar.

Etter det har han prøvd å etablera rammeverkstad og galleri, jobba i Stavanger Offset og vore dagleg leiar i reklamebyrået Adsign – før han starta for seg sjølv i Olsson AS.

– Mona er ankeret

Dette året har han og Mona 20 års bryllaupsdag.

– Ho er ankeret i familien, som held det litt nedpå, slår Dan Cato Olsson fast.

– Då eg trefte henne, bestemte eg meg for at eg måtte slutta med rolset, og skaffa meg eit skikkeleg liv. Det var mykje tut og kjør i forkant, så eigenkapitalen var elendig. Men etter å ha spart i eit år, kunne me kjøpa hus på Klepp Stasjon. Me kjøpte der fordi det var billeg, men det viste seg å vera ein god stad å bu og ein fantastisk stad for ungane å veksa opp, legg han til.

På fritida får Olsson heile tida akutt interesse for noko, men ofte forsvinn interessa like raskt – og då er det bom stopp med den hobbyen. Men italienske vintage-scooterar har han hatt hjarte for lenge. Både han og kona elskar også å reisa.

– Kona kom i skade for å kjøpa hytte. Eg sa over mitt lik, men ho fekk lirka det til på eit vis. No ser eg at alderdomen har teke meg, òg. Eg finn ikkje ro på hytta – ro er oppskrytt – men hyttekjøpet er faktisk ganske vellukka. Me er der kvar helg, og har nesten ikkje tid til å vera heime, seier han med eit smil.

50-årsdagen i dag skal han feira med eit betre måltid ute saman med kone og barn. Og så blir det fyrstekake og H-melk til kontorfellesskapet i 16. etasje i høghuset.