Gå til sidens hovedinnhold

Hans får kulturprisen i Klepp

Hans Voll er årets vinnar av kulturprisen i Klepp.

Onsdag blei det kjent at Hans Voll får Klepp kommune sin kulturpris for 2021.

Kommunen skriv i ei pressemelding at prisvinnaren har utmerka seg gjennom det han har oppnådd gjennom Voll ysteri og Jærosten.

Prisvinnaren har allsidig bakgrunn og brei kompetanse, og er ein person som set spor etter seg, skriv kommunen om Voll.

Mange prisar

Hans Voll overtok farsgarden i 1973 og dreiv som bonde fram til 2001. Då starta han opp att Voll Ysteri, som då hadde ligget brakk sidan 1962.

Etter kurs og studietur knytt til ysting fekk han som den fyrste i Norge autorisasjon til å ysta på rå mjølk, noko ei rekkje andre har starta opp med i etterkant.

Sidan oppstarten har ysteriet utmerka seg i fleire samanhengar. I åra 2003, 2005 og 2007 fekk Jærosten gull på landsutstillinga for gardsost. I 2009 fekk han sølv for Ung kvitost av kumjølk og same år mottok han heiderleg omtale i Det norske måltidet i Rogaland.

Nyleg mottok Jærosten som er utvikla av ysteriet supergull i oste-NM og bronse i VM.

Svært aktiv

Kulturprisen kan delast til personar som har markert seg på ein positiv måte innan kunst, kultur og/eller organisasjonsarbeid, skapt positiv merksemd om Klepp utanfor kommunegrensene eller gjort særleg og merkbar positiv innsats i nærmiljøet.

Hans Voll har vore politisk aktiv i Senterpartiet, og hatt politiske verv i mellom anna kulturstyret og skulestyret i fleire periodar.

Han har vore styremedlem og styreleiar i Coop Klepp gjennom fleire år og vore lærar på Øksnevad vidaregåande skule.

Voll har vore aktiv i ei rekkje fritidsaktivitetar og var blant anna med å starta ungdomskoret Håp i 1972.