Har du ledig tid? Meld deg til å hjelpa

TRENG FLEIRE HENDER: Kommunane ber om hjelp i ei spesiell tid.

TRENG FLEIRE HENDER: Kommunane ber om hjelp i ei spesiell tid. Foto:

Både Klepp, Time og Hå etterlyser fleire som kan hjelpa, både frivillig og i helsesektoren.

DEL

– Er du alderspensjonist eller heimeverande med erfaring frå helse- og omsorgssektoren, så ta kontakt med oss, opplyser Time kommune på si facebookside.

Det same gjer både Klepp og Hå kommunar. Alle etterlyser fleire hender med erfaring innan helse- og omsorg.

Frivillig?

Kommunane etterlyser også fleire som ønskjer å bidra i det frivillige arbeidet.

– Kanskje kan du levera mat til nokon som er i karantene eller isolasjon? lurer Hå kommune

Frivilligsentralane i kommunane bistår også i dette arbeidet og i Time har i tillegg Bryne Røde Kors ein samarbeidsavtale med kommunen.

Avtalen går ut på at Røde Kors skal organisera spontanfrivillige som dukkar opp ved ulike hendingar – altså dei som berre melder seg fordi dei ser at dei har ledig kapasitet og kan hjelpa til når noko skjer.

Den spesielle avtalen er ein del av eit pilotprosjekt som har sitt utspring i skogbrannane i Sverige for to år sidan. Då var det nemleg ei utfordring at frivillige berre møtte opp på brannstaden.

Fleire har teke kontakt

Beredskapsleiar i Bryne Røde Kors, Thor Inge Sveinsvoll, opplyser at dei har teke denne utfordringa på alvor og har laga eit system for organisering av slike spontanfrivillige.

På eit møte i Time kommune sist veke, kunne kommunen melda at dei allereie var kontakta av innbyggjarar som spurte kva dei kunne hjelpa med, etter at statsministeren lanserte situasjonen som ein stor nasjonal dugnad.

Mandag kveld la kommunen ut ein link på si heimeside, der frivillige kan melda seg og bli registrert av Røde Kors. Alle som registrerer seg vil bli vurderte og så vil Røde Kors melda tilbake til kommunen kva kvalifikasjonar dei ulike personane har.

30 minutt seinare hadde fire frivillige meldt seg.

– Dette avlastar kommunen i dennee hektiske tida, og det gir folk sjansen til å bidra, sjølv om dei ikkje er medlem i nokon beredskapsorganisasjon, seier Sveinsvoll.


Artikkeltags