Gå til sidens hovedinnhold

Har du sko du ikkje brukar? Eli vil ha dei

M44 samlar i to veker inn sko som skal sendast til Ukraina.

- Me ønskjer sko i alle storleikar - hjelpa skal gå både til barn, familiar og eldre, slår senterleiar Eli Ulveseter ved M44 fast.

Utføre begge skobutikkane, og utføre XXL, har kjøpesenteret på Bryne sett ut store, raude kassar der folk kan levera inn brukbare sko som dei ikkje treng sjølv lenger. Det kan for eksempel vera sko som ungane har vakse frå.

- Det er størst behov for brukssko og vintersko. Tøflar er det også bruk for, seier Ulveseter.

Når innsamlinga blir avslutta ved utgangen av veke 42, skal skoa leverast vidare til den lokale stiftelsen KPK Ukraina, som driv hjelpearbeid i Vest-Ukraina.

M44 har gjennom fleire år hatt eit nært samarbeid med dagleg leiar Ellen Lyster Aarsland i KPK Ukraina, og dei arrangerer innsamlingar av ulike ting gjennom året. Blant anna er det samla inn 2400 skulesekkar som er sende til Ukraina.