– Det er travelt, men ei gild tid. Dagane vert lengre, temperaturen vert betre, graset begynner å gro og dei første vipene viste seg for godt tre veker sidan. Det skjer noko med hovudet då, seier Ståle Fjermestad.

Han er ein stolt bonde, som trekkjer fram verdien av å få vera med og produsera norsk kjøt av god kvalitet til forbrukarane.

– Og så er det triveleg og variert arbeid, der ingen dagar er like. Ein får vera med på både oppturar og nedturar, både politisk og produksjonsmessig – og ein må løysa situasjonane etter kvart som dei oppstår. Det er det som gjer det så spennande å vera bonde.

Har fått fleire dyr

30. januar i fjor tok han i bruk eit heilt nytt lausdriftsfjos. På garden på grensa mellom Time og Gjesdal – med vidt utsyn over Ålgård og fjella bak – driv han med mjølkeproduksjon, kjøttfe og sau. No har han ansvar for 180 storfe, i tillegg til 47 sauer som snart er klare for å lemma.

[faktaboks3207LF]

– Me har fått fleire dyr, og det har vorte travlare. Men det fysiske arbeidet er mykje lettare med det nye fjoset. Og så er det mykje gildare å ha med seg dei yngste i lausdriftsfjoset. Der kan dei gå meir fritt, til og med ho på eitt. I det gamle båsfjoset måtte du heile tida ha auge i nakken viss dei skulle vera med, seier Ståle, som har auka opp med kjøttfe, og derfor framleis har bruk for dei gamle bygningane.

Sonen på 13 bur hos mora, men er på garden annakvar helg, og jobbar då mykje saman med faren. Elles får Ståle også hjelp av far sin når dyra skal flyttast på.

– Likar å arbeida

Etter ungdomsskulen tok Ståle Fjermestad landbruksuntdanning på Øksnevad vgs og Vinterlandbruksskulen.

– Eg var aldri nokon skulegut. Det var mykje gildare den dagen eg var ferdig med dei 12 åra på skulen og kunne koma meg ut og arbeida. Du lærer mykje gjennom arbeid, også.

Før han overtok garden i 2008, arbeidde han i betongbransjen, både som tilsett og som medgründer i eige firma.

– Eg har sakna betongbransjen, men det er slik at eg nærmar meg styggeleg dei 40, og kroppen er ikkje den same som han var for 15-20 år sidan, så eg veit ikkje om eg hadde klart den jobben lenger. Eg har hatt ein del problem med ryggen, og det var også ein av grunnane til at eg bygde nytt fjos. Eg måtte få vekk nokre av dei tyngste løfta, fortel han.

Sjølve byggjeperioden på garden var for øvrig ei sann glede for Ståle. Då arbeidde han saman med bygningsfolka kvar dag.

Kraftfôrseljaren som flytta inn

Sambuar Marte Refve Johannessen er ein viktig støttespelar i kvardagen.– Ho er sel kraftfôr hos Felleskjøpet, og kom for å gje meg råd om kva fôr eg burde bruka. Og så vart det til at ho aldri reiste att, fortel Ståle med eit stort smil.

Dei to har to døtrer saman, den eldste på fire år, den yngste på eitt.

På fritida likar Ståle godt å jakta hjort og rådyr og å fiska aure, og det er interesser han prøver å føra vidare til neste generasjon.

– Stort sett vert det at eg og ungane reiser på fisking, og så fiskar dei, mens eg får prøvd meg litt innimellom. Det er herleg å fiska når ein har ro i sjela til å nyta det, men eg har fått ein såpass travel kvardag at fisketurane vert sjeldnare og sjeldnare, seier han.

Eldstejenta på fire fekk forresten vera med på rådyrjakt for første gang i haust.

– Ho var med både då me skaut bukken og då me fekk han heim og flådde og slakta han.

Engasjert i bondelaget

Ståle Fjermestad brenn for yrket, og har vore aktiv i ulike bondeorganisasjonar. Mellom anna var han leiar i Time Bondelag i fire år.

– Det er både kjekt, lærerikt og viktig å engasjera seg. Akkurat no, små ungar og nybygg, har eg måtta seia frå meg dei mest arbeidskrevjande verva. Men eg er med i nokre mindre roller. Det passar meg forresten godt. Eg er ikkje den som likar å stå fram og snakka framføre mykje folk. Eg trivst best når eg kan vera med i bakgrunnen, med førebuing og tilrettelegging, slår han fast.

I det daglege set han også pris på eit tett og godt samarbeid med andre bønder i nærområdet, mellom anna med faste møte i studieringen kvar månad.

– Og så har me ein årleg fest for heile nabolaget. Den drog me i gang etter at me vann kampen mot det planlagde motorsportanlegget her nede, og på den festen inviterer me også med dei som ikkje er bønder, fortel han.

40-årsdagen skal Ståle feira med ein god søndagsmiddag på Bryne Kro og Hotell saman med familien.

– Så får me sjå kva sommaren byr på – om det vert noko kalas. Akkurat no, når eg er midt oppe i kalvinga og lemminga står for døra, passar det ikkje så godt å invitera til nokon stor fest, slår han fast