– Det var veldig gildt å få diplom og gode ord for jobben me har gjort. Dette gjev inspirasjon til å gå i gang med nye prosjekt, seier Øyvind Sandsmark, som tok imot heideren frå Stavanger Journalistlag, Rogaland Redaktørforening og Universitetet i Stavanger.

Til dagleg er Sandsmark redaksjonssjef i Jærbladet, men i fjor gjekk han saman med journalist Jorunn Erga Steinsland i gang med den største enkeltjobben i avisa si historie.

I serien «Det lovtomme rommet» fortel dei om personane som er for sjuke til å bli straffa for kriminelle handlingar, men for friske til å leggjast inn på psykisk helsevern med tvang.

– Har kravd ein heilt spesiell innsats

Arbeidet starta i fjor vår, og den første av artiklane blei publisert 8. november. Hovudserien var delt opp i seks kapittel med ulike innfallsvinklar, som i ettertid er blitt følgt opp av ytterlegare fem artiklar som gjekk inn i det no prislønte graveprosjektet. I tillegg har Jærbladet hatt fleire andre nyheitsartiklar med der tema frå «Det lovtomme rommet» er følgde opp.

Juryleiar Siri Wichne Pedersen frå UiS trekte fram at saka har kravd ein heilt spesiell innsats av journalistane, som har måtta be om innsyn i lokale, regionale og nasjonale embetsverk – og masa og stått på for å få ut nødvendige data.

Tala viser mellom anna at det på Jæren 190 lovbrot på Jæren var lagt bort dei to siste åra fordi gjerningspersonen ikkje var strafferettsleg tilrekneleg. Fire personar stod for 134 av desse lovbrota.

«Jærbladets journalister fant også ut at det bare er 32 personer totalt i Norge som er blitt dømt til tvungent psykisk helsevern etter den nye loven som trådte i kraft i 2016. Ingen av sakene som er blitt etterforsket på Jæren, har endt med dom på tvungent psykisk helsevern», heiter det i juryen si grunngjeving.

«Saken har ført til endringer, den har blitt tatt opp politisk i Time, og folk i kommunen har nå virkelig engasjert seg i hvor nye, planlagte omsorgsboliger skal bygges», heiter det vidare.

Stolt redaktør

Øyvind Sandsmark fortel at utgangspunktet var eit ønske om å laga eit større graveprosjekt.

– Temaet var kjend gjennom andre artiklar me i Jærbladet har skrive før, men me visste at det ville krevja tid og arbeid å gå djupare inn i problemstellinga. No fekk me sjansen til det, fortel Sandsmark.

Med tett oppfølging frå Senter for undersøkende journalistikk i Bergen, og graveverkstaden deira, gjekk Sandsmark og Jorunn Erga Steinsland i gang. Dei fekk frigjort tid mellom dei andre arbeidsoppgåvene sine til å jobba med prosjektet

I sluttfasen fekk dei også hjelp av fleire andre på huset til å utarbeida den endeleg presentasjonen, mellom anna Helene Holm, som hadde ansvaret for utforming av sidene i papiravisa, og Thor Håkon Bredesen i Amedia Utvikling, som laga den digitale presentasjonen til Jærbladet på nett.

Ansvarleg redaktør i Jærbladet, Kirsten Myklebust, er glad for den heiderlege omtalen i kategorien årets nyheitssak.

– Eg er veldig stolt av at me som liten redaksjon har levert eit solid stykke arbeid, som no blei premiert med heiderleg omtale, seier ho.

Stavanger Aftenblad sin serie om politiet sin bruk av makt mot barn vann prisen som årets nyheitssak, og det blei delt ut to heiderlege omtalar i denne kategorien.

Fleire prisar med lokal tilknyting

Også fleire av dei andre sakene som fekk heider på festen fredag kveld, har nær tilknyting til Jæren.

Blant anna fekk Stavanger Aftenblad diplom og heiderleg omtale i kategorien årets nyheitssak for si sak om Inger-Tone U. Shin som blei ulovleg adoptert frå Sør-Korea til Varhaug, Jenta som kom til feil foreldre.

Stavanger Aftenblad sin reportasje frå Norsk Overflate Teknikk på Nærbø, skriven av journalist og brynebu Erlend Skarsaune, fekk diplom og heiderleg omtale i kategorien årets reportasje.