Smell og glimtar det? Det er berre ei øving
Heimevernet har denne veka øving på Jæren, og varslar om smell og lysglimt fredag morgon - særleg i området ved gamle Kverneland fabrikk.
- Ein kan forventa noko støy då lausammunisjon og lysrakettar vil bli brukt, spesielt i tilknytting til gamle Kverneland plogfabrikk fredag morgon, heiter det i varselet frå Agder og Rogaland HV-distrikt.
Øvinga pågår i heile regionen.