Gå til sidens hovedinnhold

Her er kommuneoverlegane sine viktigaste råd inn mot vinterferien

Pandemien har ikkje sleppt taket på landet. Derfor går det ikkje å sleppa seg laus i vinterferien.

– I samband med juleferien såg me ei auke i talet på smitta, truleg grunna reising og meir sosial aktivitet enn elles. Ei slik auke ønsker me ikkje å sjå igjen etter vinterferien, seier Gerd Signy Solberg Omland, kommuneoverlege i Hå.

Ho oppmodar folk til å følga smittevernråda som myndigheitene har laga for vinterferien.

Det same gjer Roman Benz, kommuneoverlege i Klepp, som særleg peikar på eitt av råda:

– Noko av det viktigaste er rådet om å ikkje reisa utanlands. Faren for importsmitte er høg.

– Du kan reisa på hytta eller på hotell i Noreg. Unngå kollektivtransport, og pass ekstra godt på avstand og hygiene viss du skal ha overnattingsbesøk på hytta eller heime, seier Øystein Fjetland Øgaard, kommuneoverlege i Time.

Set deg inn i reglane

Kommuneoverlege Hans Petter Torvik i Gjesdal kommune, minner om at det også i ferien er viktig å følgja det generelle rådet om å redusera antall personar ein har kontakt med, og at det er viktig å visa ekstra omsyn til dei i risikogruppene.

– Å begrensa antal personar du har kontakt med i vinterferien er eit godt førebyggande tiltak. Ver helst i lag utandørs, og ta ekstra omsyn til personar i risikogruppa, seier han.

Kommuneoverlegane er gått saman for å samkøyra informasjonen om vinterferien. Dei ber om at du set deg inn i og følgjer smittevernreglane som gjeld i kommunen der du skal.

Reiser du til ein kommune som har lettare tiltak enn den du reiser frå, bør du som hovudregel følgja dei rådene som gjeld i kommunen du reiser frå.

Kommunelegane understrekar at alle må vera førebudde på å endra planane for vinterferien. Viss det kjem lokale utbrot der du bur eller der du skal reisa, vil det kunna koma nye lokale råd og reglar.

Helsenorge.no finn du alle råda og tips frå helsemyndigheitene.