– I dag er det julaftan, 17. mai og fødselsdag på ein gong, seier ansvarleg redaktør og dagleg leiar Kirsten Marie Myklebust. Opplagstala som blir presenterte onsdag 10. mars, syner at Jærbladet aldri har vore større.

– Utruleg takksame

– Me har no eit godkjent opplag 13.458. Den førre rekorden skriv seg frå 2010, og då var talet 13.305. I 1990 var opplaget 13.200. Det var høge opplagstal i 80-åra også, men då som to dagars papiravis. Me er utruleg takksame for trufaste og nye abonnentar. Ein sterk digital vekst sikra også nummer to posisjonen digitalt på Jæren etter VG i Forbruker & Media-målinga i september i fjor, seier Myklebust.

Ho meiner tala syner at folk vil ha lokale nyhende.

– Ikkje minst i koronasituasjonen får folk behov for ei god lokalavis som oppdaterer dei på situasjonen. Opplagsveksten syner også den gode jobben som er gjort av alle medarbeidarane i Jærbladet. Dette er laginnsats, seier Kirsten Marie Myklebust, ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Jærbladet.

– Resultat av steinhard jobbing

Jærbladet er ein del av aviskonsernet Amedia. For Amedia-avisene er opplagsveksten på 4,1 prosent.

Pål Nedregotten, konserndirektør for innovasjon, forretningsutvikling, strategisk analyse og forbrukarmarknad, seier at dette er eit resultat av steinhard journalistisk jobbing gjennom eit ekstremt krevjande år.

– Gratulerer til alle, men ikkje minst til opplagsvinnar Nordstrands Blad – som har auka med svimlande 33 prosent på eitt år, til 5.980, seier Nedregotten.