Gå til sidens hovedinnhold

Høge krav og tøff konkurranse om skuleplassane

På Bryne er det tre fag som har særs høgt poengsnitt.

2. juli fekk søkjarar til vidaregåande skule svar på om dei har fått skuleplass eller ikkje. 18.044 elevar har så langt fått tilbod om skuleplass i vidaregåande skule i Rogaland, opplyser Rogaland fylkeskommune. Totalt hadde rundt 22.400 elevar søkt om plass.

Blant yrkesfaglege program på fylkesnivå er det elektrofag og helse- og oppvekstfag som skil seg ut med høge krav til karakterpoengsum. Det er òg tøff konkurranse for påbygg Vg3. Elles er det venteliste på mange skular i idrettsfag og musikk, dans og drama.

På Bryne vidaregåande skule er det tre programområde som har hatt spesielt mange søkjarar. Det pressar poengkrava opp.

Fylkeskommunen reknar snittet frå kor mange poeng den som sist fekk tilbod om plass på programmet hadde. På Vg1 idrettsfag hadde den siste som fekk tilbod om plass 40,7 poeng, på Vg1 helse- og oppvekst hadde siste 37,3 poeng, og 42,9 poeng på Vg3 påbygg.

Omtrent 1000 elevar står på venteliste for plass.

– Søkjarar med opplæringsrett og som står på venteliste til alle sine ønskjer, vil få tilbod i det andre inntaket i månadsskiftet juli/august og fram mot skulestart, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.