Gå til sidens hovedinnhold

Høie: – Viss smitten aukar mykje, må vi stenge landet igjen

Stadig fleire personar i 20-åra blir smitta Helse- og omsorgsminister Bent Høie kom med ei klar åtvaring til dei unge.

(Firda)

NETTAVISEN: – Eg trur at du som er ung, tenkjer at viruset ikkje rammar deg, men det rammar deg og det rammar dei og det du bryr deg om, seier Høie og legg til:

– Mange blir smitta på fuktige festar med altfor mange folk og altfor få meter.

Han seier at landet må stengast igjen viss smitten aukar mykje.

– Først smittevern, så utdanning

Under tysdagens pressekonferanse var Høie, kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby og forskings- og høgre utdanningsminister Henrik Asheim til stades.

Asheim oppfordrar alle til å halde avstand, vaske hendene, ikkje samlast meir enn 20 personar og teste seg ved mistanke om smitte.

– For dei nye studentane må dei passe på å nyte studietida. Den er for dei fleste over fleire år, og mykje meir enn berre den fadderveka vi står i no. Bruk dei skarpe hovuda først til smittevern, og så på utdanninga dykkar, og få så gode karakterar som mogleg, seier han.

Statsrådane Bent Høie, Guri Melby og Henrik Asheim held pressekonferanse i forbindelse med skule- og studiestart. Avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet Line Vold og assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad i Helsedirektoratet vil også vere til stades.

– Skulestart som planlagt

Guri Melby forsikrar om at heile skuleklassar kan vere samla når skulane startar igjen.

– Alle elevar skal få eit fulltidstilbod på skulen med mest mogleg vanlege skuledagar. Barnehagar skal ha så normale opningstider som mogleg, seier ho.

Avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet Line Vold opplyser at det framleis er låge smittetal på nasjonalt nivå.

– Med tanke på veketala er vi på nivå med slutten av april og byrjinga av mai. Det har også vore ei auke tal på registrerte utbrot. Desse er knytt til importsmitte, og sosiale arrangement.. Det forklarar ein del av stigninga i smittetala, og vi ser det særleg hos unge vaksne, seier ho.

– Skulestart vil bli gjennomført som planlagt, seier Vold.

Les også

– Få studentar har hyblar med plass til 20 personar med moglegheit for god avstand

Gult nivå

Avdelingsdirektøren opplyser at i tiltaksplanen laga for skular og barnehagar er nivået no gult, noko som betyr at fulle klassar kan vere saman, men at klassane skal ha avgrensa kontakt seg i mellom.

– Dersom det blir ei auke i smitte kan det vere aktuelt å gå over til raudt nivå, men då vil skulane framleis vere opne, seier ho.

Skulane er anbefalt å ikkje handhelse.

Les også

Avlyser alle større fadderarrangement i Førde

Les også

Student på UiB testa positivt på korona

Kommentarer til denne saken