Før Netflix, HBO og NRK-appen, måtte heimefilmpublikummet oppsøkja eit fysisk eksemplar av filmen dei ønskte å sjå. Bak disken på Videoland på Bryne, stod Siv Nordmark, frå ho var elev i den vidaregåande skulen, til den teknologiske utviklinga utraderte eksistensgrunnlaget for videosjappa, meir enn 20 år seinare. Då var prisane på DVD-ar blitt reduserte til 99 kroner, medan kundane kunne leiga filmar til 60-70 kroner hjå Videoland.

- Det var ei tid for alt. Det siste året såg me at det ikkje gjekk så godt, og då fann me ut då var det like greitt å leggja ned medan leiken ennå var god.

Ho vart tilsett av sjefen Grethemor (Grethe Nordbø Taksdal), og stod først i lokala der rammemakar L.A. Pedersen held til nå, og seinare i Sveinsvollsvegen, i bakken nedanfor Bryne ungdomsskule. Den livlege 50-åringen har berre gode minne frå utleveringa av VHS-ar og DVD-ar, og det same har tydelegvis dei gamle kundane hennar, for ho blir stadig kjent att av folk som hadde vore innom for ein drøs, ein film eller slush, som har selde «enorme mengder av».

- Folk stoppar ennå opp, og seier: Å, du er videodama! Ja, veit du kva, eg jobba der i så mange år, over 20 år.

[faktaboks3173LF]

Glad i å vera med folk

Siv Nordmark har aldri vore aktuell for ein kontorjobb. Ei stund arbeidde ho som seljar for matvareprodusenten Knorr, drog rundt og presenterte varer i daglegvareforretningar. Ein dag kom ho heim og klaga over å ha snakka på seg ømme kjevemusklar. Då svarte ektemannen Magnus Nordmark at det ikkje kunne vera nokon tvil om at ho hadde funne rette jobben, ho som evna å snakka seg støl i andletet.

Nordmark er ei utadvendt dame, og har fått oppleva mykje i arbeidslivet etter tida som «videodame». Ho har arbeidd hjå skomakar, på Nille, i Coop-kafeen på Bryne, hjå b.young på Jærhagen og i designforretninga Classic Design på Maxi Sandnes. Nå arbeider ho 80 prosent i barnehagen Espira Ormedalen på Orstad, og held orden på rundt 25 fireåringar.

Hennar blide åsyn vart også sett pris på i daglegvarebransjen, då ho arbeidde for Sele Potet. Tidleg på morgonen drog ho ut med oppkutta råvarer, til Madla handelslag, Randaberg, Helgø matsenter, til dei tilsette i butikkane som trong oppkutta grønsaker for å kunna begynna å laga rettane sine.

- Det var ei gild tid. Eg likte veldig godt å køyra rundt med varer, seier Siv Nordmark.

Dugnad og idrett

- Eg føler eg har opplevd utruleg mykje på desse 50 åra, og så har eg ein god familie, som er utruleg flink til å støtta opp, køyra og stilla på dugnad.Ho speler volleyball for mikslaget på Orstad, og ho driv med turn i Frøyland-Orstad. Ungane, som er mellom 18 og 26 år, har fått velja fritidsaktivitetar sjølve. Begge sønene har teke etter far sin, og halde fram med motocross, med mor som solid støttespelar for alle tre.

- Eg har følgt ungane i alle idrettane dei har vore innom. Det har vore barneidrett, fotball, turn og motocross, som det er den dag i dag.Ho har delteke på mang ein dugnad i bygda, vore oppmann og trenar i fotball. Då dei fire ungane skulle øvingskøyra, var det mor som sat i passasjersetet, sjølv om turen ikkje gjekk lenger enn til butikken. I tillegg til sine eigne, har to tvillingbrør og ei syster, med barn.

- Eg seier mange gongar til systera mi at døtrene våre på 18 år, går så godt i lag, at det er som å ha ei ekstra på huset. Eg liker godt å ta med tantungane på turar, og vera i lag med familien, rett og slett.

 

Liker i å kle seg i kostyme

Stova i huset på Kverneland er fullt av DVD-ar, og samlinga av Disney-filmar lèt til å vera nær sagt komplett. To favorittar Siv Nordmark har teke med seg frå Videoland, er to filmar om dagbøker; den første komedien om kløna Bridget Jones, og den andre den romantiske dramafilmen «The Notebook», der ein kjærleg ektemann prøver å vekkja tilbake minna om ungdomstida, hjå ei kone som lir av demens.

Siv Nordmark liker godt å kle seg ut, har mellom anna vore sjørøvar, indianar, pokémonen Pikachu, den gule teletubbien Laa-Laa. Då ho fylte 30 og 40 år, var det kalas med kostyme, men den siste tida har det vore så mange feiringar at 50-årsfeiringa blir skubba litt fram i tid. Ikkje at dét gjer noko, fest og moro blir det likevel.