Hus stod i brann like utanfor Kleppe: – Huset er ikkje til å bu i, seier innsatsleiar

HUSBRANN: Naudetatane er på staden for å få kontroll over brannen i eit gardshus.

HUSBRANN: Naudetatane er på staden for å få kontroll over brannen i eit gardshus. Foto:

Det var kraftig røyk og synlege flammar frå eit hus like utanfor Kleppe.

DEL

– Me fekk melding om ein bygningsbrann, og rykte ut med mannskap frå tre stasjonar. Det var folk frå både Klepp, Bryne og Stangeland hovudstasjon, seier brigadesjef og innsatsleiar Frode Johansen i Rogaland brann og redning.

Politiet opplyste på Twitter at flammar var synlege frå taket. Det var også kraftig røyk i området, som strekte seg heilt bort til Riksveg 44.

– Då me kom fram var det kraftig røykutvikling frå taket, og opne flammar, fortel Johansen.

Brannvesenet stadfesta at det ikkje var personar inne i huset, og naudetatane var på plass kort tid etter tips.

Huset ligg på ein gard med ein garasje på sida, og det skal ikkje ha vore spreiingsfare til garasjen. Det var folk på garden som melde frå om brannen.

Effektiv operasjon

Brannen skal ha vore sløkt klokka 15.45, skriv politiet på Twitter. Det er framleis uvisst kva årsaka til brannen er.

KRAFTIG RØYKUTVIKLING: Eit stort mannskap var på staden for å sløkke brannen.

KRAFTIG RØYKUTVIKLING: Eit stort mannskap var på staden for å sløkke brannen. Foto:

– Me ser på brannen som sløkt, og no skal me sørge for at område er sikra, sa Richard Kvalsvik, vaktleiar i Rogaland brann og redning, til Jærbladet klokka 16.00.

Arbeidet med sløkkinga har gått effektiv for seg, men det var ein del utfordringar på grunn av metallkledning på huset.

– Mannskapet gjekk i gang med ein gong, men det var vanskeleg å kome til for det var noko metallkledning. Me fekk kontroll på situasjonen etter kvart, og det var ein del store skadar på huset – både brannskadar og sekundærskadar frå vatn. Huset er ikkje til å bu i, seier innsatsleiar Johansen.

– Me har framleis folk på staden, sa Johansen klokka 17.15. Mannskapet må ha vakthald i minimum seks timar etter sløkking.



Artikkeltags