Husbrann på Klepp stasjon var truleg påsett

Politiet ønskjer å koma i kontakt med personar som var i Tangarvegen natt til fredag.

DEL

Etterforskinga av branntilløp i ein einebustad i Tangarvegen på Klepp stasjon, gjer at politiet før helga vel å gå ut og be publikum om å melda seg

- Alt tyder på at einebustaden er påsett. Me er interesserte i å få kontakt med personar som har vore i området, særleg mellom klokka 24.00 og 02.00, seier politioverbetjent Morten Slettebø ved Jæren politidistrikt.

Branntilløpet vart sløkt og fekk ikkje utvikla seg. Slettebø vil ikkje gå nærmare inn på kva som gjev politiet sterk grunn til å grunn å tru at nokon har forsøkt å brenna ned einebustaden.

Personar med informasjon blir bedne om å ringja politiet på telefonnummer 02800.

Artikkeltags