Jostein og Ingunn Bjorland er sysken og hytteeigarar like ved stranda på Nærland i Hå kommune. Dei ønskte å byggja ein garasje på hyttetomta og tok kontakt med kommunen for å få råd til korleis dei skulle gå fram. Dei meiner feil frå Hå kommune gjorde at søkjeprosessen vart meir omstendeleg enn naudsynt. Prislappen på byggjesaksbehandlinga kom til slutt på 12515 kroner.

Dette reagerte syskenparet på og dei klaga derfor på vedtaket.

– Ein skal ikkje godta alt. Eg følte at me hadde rett og at kommunen ikkje ville ta det alvorleg, men berre køyrde på med sitt, seier Jostein Bjorland.

Frittståande eller ikkje

I svaret han og systera fekk på den fyrste klagen, innrømma Hå kommune nemleg at det totale gebyret ville blitt mindre om søknaden hadde vore annleis frå starten. Dei skriv vidare at det heile starta med at hytteeigarane ønskte å byggja ein garasje som ikkje var frittståande. Kommunen meiner også at dei har informert om at saka ville vore annleis om garasjen var frittståande.

Men Bjorland meiner at dei aldri har søkt om noko anna enn ein frittståande garasje, og kan til og med visa til at dette står poengtert i søknaden, noko også Fylkesmannen viser til i sitt brev til Hå kommune.

Etter eit møte med kommunen, vart dei to oppmoda til å søkja om dispensasjon, noko dei gjorde, men fekk avslag. Etter ein ny runde fekk dei klarsignal for bygging, men meiner at kommunen sitt råd om å søkja dispensasjon var irrelevant og resulterte i ekstra rundar med søknader, behandlingar og gebyr.

– Prinsippet var viktigast

Klaga frå hytteeigarane vart avslått av Utval for tekniske saker og næring, men sendt vidare til Fylkesmannen i Rogaland. Der fekk dei altså medhald, noko Jostein Bjorland er godt fornøgd med.

Bjorland har i etterkant av klagebehandlinga fått ny rekning på 6300 kroner og har betalt denne.

– Det er ein ting at kommunen gjer feil. Det kan alle gjera, men at ein berre prøver å bortforklara i staden for å berre seie beklagar, det tykkjer eg er rart. Her var det ikkje pengane, men prinsippet som var viktigast, seier han.

– Kommunen burde ha rettleia

Fylkesmannen meiner at kommunen burde ha rettleia hytteeigarane på plassering av garasjen på tomta ved handsaminga av dispensasjonssøknaden og ikkje venta til vedtaket vart klaga på.

– Ved å venta har kommunen påført klagarane eit gebyr som kunne vore unngått, skriv fylkesmannen.

Dei har vurdert det slik at Ingunn og Jostein Bjorland ikkje skal betala gebyret som vart gitt på grunn av at saka var ei dispensasjonssak og har landa på at rett gebyr er 6300 kroner i staden for 12550 kroner.

– Me har snakka forbi kvarandre

Kommunalsjef for tekniske saker og næring, Ann-Kristin Gangenes, opplyser at kommunen tek vedtaket frå fylkesmannen til etterretning.

– Me prøver etter beste evne å gi tilbakemeldingar til dei som ønskjer å byggja noko, men i denne saka ha me nok snakka forbi kvarandre. Me har ikkje oppfatta på ein god nok måte kva tiltakshavar ønska, seier Gangenes, og legg til at kommunen vil jobba endå meir med å gi gode og tydelege tilbakemeldingar.

– Me ser heile vegen at me har forbetringspotensial. Det ser me også i denne saka. Me må spør om me har oppfatta saka rett, og det lover me å ha fokus på, seier ho.

Gangenes opplyser vidare at Plan- og bygningslova er lagt på ein slik måte at søkjaren står ansvarleg for det aktuelle tiltaket, men at kommunen har ei rettleiingsplikt i samsvar med forvaltningslova.