Gå til sidens hovedinnhold

– Ikkje rør legevakta på Bekkeheien

Artikkelen er over 1 år gammel

Reidar Reime er klar på kva han meiner om legevakt-saka som skal opp til røysting torsdag ettermiddag

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Ser at rådmannen i Hå vil leggje ned legevakta i Hå, å flytte den til Kåsen i lag med Time og Klepp.

Me har hatt legevakta på Bekkeheien i fleire år, og den har fungert veldig bra i desse åra.

Når Hå fekk legevakta til Bekkeheien, fekk Time og Klepp tilbod om å vera med, men takka nei. Dei ville heller til Sandnes, så det er ingen grunn til at Hå skal høyre på dei nå.

Det er ikkje langt til Kåsen, seier rådmannen, men eg trudde det var omtrent like langt frå Kåsen til Bekkeheien.

Nei, nå får me sjå kva den enkelte politikar vil stemma når dette skal opp til røysting.

Me i Hå er så fornøgde med legevakta på Bekkeheien.

Ikkje rør den.

Les også

Her leveres over 1500 underskrifter mot flytting av legevakt

Les også

Lovar kamp om Hå legevakt etter at fleirtal opnar døra på gløtt for flytting til Klepp

Les også

Går for jærsk legevakt på Tu: Frp i Klepp og Time vil byggja ny legevakt ved nedlagt skule

Les også

Hå vil oppgradera tilbodet sitt for å hjelpa naboane Klepp og Time med å etablera ei jærsk legevakt

Les også

– La folk få velja legevakt sjølve