Fylkesveg 4380 (Hognestadvegen) og fylkesveg 4382 (Bøvegen) skal få ny asfalt.

Det skal også fylkesveg 507 (Bore – Reve).

fylkesveg 505 (Kvernelandsvegen) er arbeida i gong, slik Jærbladet har omtalt tidlegare.

Naboar på Kvernaland reagerte på at eksisterande asfalt vart frest opp seint på ein torsdagskveld.

– Arbeidet med å legge ny asfalt skjer heile døgnet. Asfaltarbeid er støyande, og eg forstår at arbeidet er forstyrrande for naboar. Grunnen til at arbeidet skjer også på kveldar og netter, er omsynet til trafikantane, fortel prosjektleiar Christian Gryte i Rogaland fylkeskommune.

Han ber trafikantar visa omsyn arbeidsfolk langs vegane, som er spesielt utsette for ulukker.

Asfaltsesongen varer til godt ut på hausten, kanskje så lenge som november, avhengig av vêret.