Gå til sidens hovedinnhold

Ingrid Fiskaa og Rogaland SV håper på direktemandat

Rogaland SV melder om rekordstort årsmøte.

Rogaland SV heldt årsmøte 13. og 14. februar. Ingrid Fiskaa frå Time held fram som leiar, og har med seg Anniken Heimdal Tjøstheim frå Strand som ny nestleiar og styremedlemmene Gerardo Diaz frå Sandnes, Eirik Faret Sakariassen frå Stavanger, Joakim Ramsland frå Eigersund, Lise Langåker frå Haugesund og Maria Huster Wiik frå Rogaland SU.

Årsmøtet vedtok støtte til hurtigbåten i Ryfylke, sa nei til storskala datalagringssenter i Rogaland før ein nasjonal strategi er på plass, vil styrka arbeidet for heiltidskultur i arbeidslivet og vil verna om asylretten. Årsmøtet vedtok også ein strategi for stortingsvalet.

– Denne helga markerer startskotet for valkampet, og målet er klart: Eit direktemandat på Stortinget, seier leiar Ingrid Fiskaa, som også er førstekandidat på stortingslista.

– Som det einaste verkeleg raudgrøne partiet vil me sikra at landet ikkje berre får ei ny regjering, men ei ny politisk retning.

For første gong var årsmøtet digitalt. Det sto ikkje i vegen for rekordstor deltaking.

– Me har eit sterkt ønske om å kunna møta folk direkte over ein kaffikopp for å høyra kva dei er opptatt av. Men digitale møtestader vil uansett bli viktige i valkampen. No har me vist for oss sjølv at det er mogleg å ha gode diskusjonar også på denne måten, seier Fiskaa.

Les også

Listetopp Ingrid (43): - Me må berga livsgrunnlaget