– Eg synest det er veldig kjekt å bli føreslått som nestleiar, og eg vil veldig gjerne vera med på å bygga eit sosialistisk folkeparti som står sterkt i heile landet, sa Ingrid Fiskaa til NRK i desember.

Den jobben skal ho halda fram med som kommunestyrerepresentant i Time og stortingsrepresentant frå Rogaland, men ikkje som partiets nye nestleiar, slik Rogaland SV ønskte.

Fiskaa skriv til Jærbladet at ho ikkje har kjempa for å bli nestleiar, men at ho var føreslått, og stilte seg til disposisjon. Etter at innstillinga for seks veker sidan, har det ikkje vore noko å alternativ å stilla, presiserer ho.

I februar vart ho valt som ny leiar for SV sitt fylkeslag i Rogaland. Etter det var det endå mindre aktuelt å stilla som nestleiar.

Denne nye leiinga

Også i 2007 forsøkte Fiskaa å bli nestleiar i partiet. Då tapte ho knipent mot Bård Vegard Solhjell, skriv NRK.

På landsmøtet vart Torgeir Knag Fylkesnes attvalt som nestleiar.

Valkomiteen hadde innstilt på tidlegare leiar for Noregs Naturvernforbund, Lars Haltbrekken, til det andre nestleiarvervet. Han er SV sin klimapolitiske talsperson på Stortinget.

I ei tett kampvotering tapte Haltbrekken mot Marian Hussein frå Oslo, som sit i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget. Hussein fekk 114 mot 101 røyster til Haltbrekken.

Den nye leiinga i SV

Leiar: Kirsti Bergstø

Nestleiarar: Torgeir Knag Fylkesnes og Marian Hussein

Partisekretær: Audun Herning

Medlem av Arbeidsutvalget: Aila Kamaly

Sentralstyremedlem:

Sentralstyremedlem og fagleg leiar: Astrid T. Kjelsnes, Trøndelag

Sentralstyremedlem og kvinnepolitisk leiar: Maria Bonita Igland, Oslo

Sentralstyremedlem: Gina Barstad, Vestland

Sentralstyremedlem: Ådne Naper, Telemark

Sentralstyremedlem: Kerim Hestnes Nisancioglu, Vestland

Varamedlem til sentralstyret:

vara: Hilde Danielsen, Trøndelag

vara: Amund Røhr Heggelund, Innlandet

vara: Tonje Jondahl Alvestad, Agder

vara: Sara Bell, Vestland

Lokale ordførarkandidatar

Blant delegatane som deltok under landsmøtet, er Beate Aasen Bøe og Jeanette Lea Romslo. Dei er ordførarkandidatar til kommunevalet for SV i Time og Hå.

Time SV har i dag tre representantar i kommunestyret. Hå SV har éin. I førre kommuneval var oppslutninga 5,9 prosent i Time og 2,5 prosent i Hå, og dei vil jobba for å få fleire mandat og røyster enn i 2019, skriv dei to i ei felles pressemelding.

– Det å vera på landsmøte gir både inspirasjon og glød til valkampen som me snart skal inn i. SV vil jobba for ein kommune som er både meir rettferdig og grønare, i tillegg til å sørge for at Hå skal vere ei god kommune å jobbe i. Vi skal ha heile, faste stillingar, og dei tilsette skal trivast på jobb, uttaler Jeanette Lea Romslo.

På talarstolen tok ho opp tannhelsereforma som SV arbeidar for, som vil integrera tannhelse i eigenandelsordninga.

Beate Aasen Bøe tok opp temaet jordvern, og oppfordra lokalpolitikarar til å regulera meir areal tilbake til landbruk.

– Dette er ei viktig sak for heile landet og ikkje minst i Time kommune. Time ligg midt i matfatet, og matjorda trugast av nedbygging. Vi må ta vare på den matjorda vi har, seier ho i pressemeldinga.