Gå til sidens hovedinnhold

Innbrot ved Coop Marked på Voll

Artikkelen er over 2 år gammel

Tobakksvarer vart stolne frå nærhandelen på Voll, som vart utsett for innbrot natt til måndag 15. juli.

– Natt til i dag har det vore innbrot i Coop Marked på Voll. Der har det forsvunne nokon tobakksvarer, seier politioverbetjent Hans Kyllingsstad ved Jæren lensmannskontor.

Politiet fekk melding om innbrot i ei bedrift på Voll klokka 3.17. Innbrotet skjedde ved at ein eller fleire gjerningspersonar braut opp eit vindauge. Då politiet kom til Voll, var innbrotstjuven/-ane forsvunne frå staden.

Måndag morgon har politiet har ingen pågripne. Det er oppretta sak. Politiet vil gjerne ha tips frå publikum.