Mindreårig mistenkt for Coop-innbrot

Ein ung gut har vore til avhøyr, mistenkt for å stå bak innbrotet på Coop Express på M44.

DEL

Politioverbetjent Arild Oftedal opplyser at ungdommen har vore inne til avhøyr.

– Eg reknar med saka blir oppklara, seier Oftedal.

Det var ein vektar som oppdaga at inngangsdøra til Coop Express på M44 var broten opp og vindauget i døra knust tidleg sundag morgon, 20. oktober. Tjuvane skal ha fått med seg tobakksvarer.

Artikkeltags