Mann tatt for innbrot natt til 18. mai. Neste natt braut han seg inn igjen.

Mann i 40-åra vart teken på fersk gjerning inne i eit hus i Kløvervegen på Bryne. Dermed fekk han si andre natt på rad i politiarresten.

DEL

Politiet fekk melding om at innbrotsalarmen hadde gått huset i Kløvervegen ved halv eitt-tida natt til søndag. Dei rykka ut, og pågreip mannen inne i huset. Han hadde truleg ikkje rekke å fjerna noko, og politiet valde å ta han med til politiarresten.

Dette er tredje gongen på under eitt døgn at mannen er pågripen for innbrot. Rundt 01.30 natt til 18. mai fekk politiet melding om innbrot hjå Jan Reime Bil og karosseri på Håland på Bryne.

Eit vindauge var knust og kassa-apparatet brote opp. Eit mindre pengebeløp var stole.

Allereie ein time seinare vart saka oppklara. Ein mann i 40-åra var avhøyrt av politiet og innrømma å stå bak innbrotet. Pengane frå innbrotet kom også til rette.

Etter avhøyret vart mannen sett fri. Han valde tydelegvis ikkje å avslutta kvelden.

Rundt 03.30 same natt fekk nemleg politiet melding om nok eit innbrot på Bryne. Denne gongen hjå Bryne Bil og Mc skole i Bryne sentrum. Vitne hadde sett ein person som stal eit fjernsyn frå den aktuelle adressen.

Politiet hadde ei formeining om kven som stod bak og oppsøkte gjerningsmannen frå tidlegare på kvelden.

Dei fann han, berande på fjernsynet han akkurat hadde stole. Denne gongen hamna mannen i arresten.

Artikkeltags