Ivar stenger alle gjenvinningsstasjonane i regionen

Gjenvinningsstasjonen på Sele i Klepp er stengt frå og med i morgon.

DEL

Dette melder Ivar Iks i ei pressemelding.

– Ivar Iks følgjer Folkehelseinstituttet sine anbefalingar og ønskjer å bidra i største mogleg grad til samfunnet sin fellesdugnad for å avgrense smitte av koronaviruset (Covid-19). Difor har me vald å stenge alle gjenvinningsstasjonane som me driftar frå og med torsdag 19. mars, skriv dei i pressemeldinga.

Ifølgje selskapet har det vore unormalt mange på gjenvinningsstasjonane dei siste dagane, og dei vurderer dette som ein risiko for spreiing av smitte for både tilsette og kundar.

Gjenvinningsstasjonen på Pytten blei stengt i dag, mens følgjande stasjonar stenger i morgon:

  • Ivar gjenvinningsstasjon Sele
  • Ivar gjenvinningsstasjon Forus
  • Ivar gjenvinningsstasjon Kvitsøy
  • Hausken gjenvinningsstasjon, Rennesøy
  • Nordmarka gjenvinningsstasjon, Strand
  • Viganeset gjenvinningsstasjon, Hjelmeland
  • Gåsavika gjenvinningsstasjon, Suldal
  • Myra gjenvinningsstasjon, Forsand
  • Judaberg gjenvinningsstasjon, Finnøy

Selskapet skriv òg at alle bruktbuene og innlevering til gjenbruk blir stengt.

Artikkeltags