Arbeidsløysa på Jæren går nedover: Mange ledige stillingar vart lyst ut

Ved utgangen av juni månad var det totalt 559 heile arbeidsledige på Jæren, 118 færre enn på same tid i fjor.

DEL

– Utsiktene på arbeidsmarknaden i Rogaland er gode nå samanlikna med åra vi har bak oss. Fleire arbeidsgjevarar har behov for nye medarbeidarar og mange ledige stillingar vart lyst ut, også i juni, seier Merethe P. Haftorsen, direktør i Nav Rogaland.

Flest utan jobb i Hå

Hå har den største arbeidsløysa av dei tre kommunane på Jæren. 191 personar, 1,9 prosent av arbeidsstyrken, var utan jobb ved månadsskiftet.

For Klepp er talet 184 personar, noko som utgjer 1,7 prosent av arbeidsstyrken.

Også Time har 184 innbyggjarar utan arbeid. Dette er 1,8 prosent av arbeidsstyrken.

I Rogaland er no 2,2 prosent av arbeidsstyrken heilt utan arbeid. Samanlikna med same periode i fjor, er dette en nedgang på 14 prosent.

Færrast ledige i Ryfylke

5 693 personar var heilt utan arbeid i juni, og 1 028 arbeidssøkjarar var deltakarar i arbeidsretta tiltak.

Den lågaste arbeidsløysa finn vi i distrikta og særleg i indre Ryfylke. I Sokndal kommune held arbeidsløysa seg høg på grunn av at permitteringar ved bedrifta Titania framleis preger situasjonen.


Fleire ledige stillingar

I juni månad vart det lyst ut 3 630 stillingar. Dette er ei auke på 16 prosent samanlikna med same periode i fjor, og det aukar i nesten alle yrkesgrupper

Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar i juni var bygg- og anlegg (736 stillingar), ingeniør- og ikt-fag (553 stillingar) og helse, pleie og omsorg (440 stillingar).

Stavanger og Sandnes har høgast bruttoarbeidsløyse i juni, begge med 31 prosent.

Haugesund har ei bruttoarbeidsløyse på 2,8 prosent, medan Karmøy har lågast brottoarbeidsløyse av dei større bykommunane med 2,0 prosent.

Bruttoarbeidsløyse er summen av dei som er heilt utan arbeid og dei som går på tiltak.


LES OGSÅ:

Artikkeltags