Jærkommunane samkjører informasjonen kring korona-pandemien: Kallar inn til felles pressekonferanse fredag

SAMLA INFORMASJON: Ordførar i Time, Reinert Kverneland, opplyser at den felles pressekonferansen vil bli halden i rådhuset på Bryne.

SAMLA INFORMASJON: Ordførar i Time, Reinert Kverneland, opplyser at den felles pressekonferansen vil bli halden i rådhuset på Bryne. Foto:

I løpet av fredagen vil Time, Klepp og Hå kommune kalla inn til ein felles pressekonferanse kring koronapandemien.

DEL

Ordførar i Time, Reinert Kverneland, opplyser at den felles pressekonferansen vil bli halden i rådhuset på Bryne.

Eskil Nygaard, kommunalsjef for oppvekst i Time, opplyser at alle skular og barnehagar i kommunen vil halda stengt frå i morgon, fredag, slik regjeringa har gitt ordre om at det skal vera.

– Kva med tilbod til barna til viktig helsepersonell og folk som arbeider innan transportbransjen, kva tilbod vil desse få?

– Me sit no i eit møte der me avklarer nettopp dette, seier Eskil Nygaard til Jærbladet ved 14.45-tida torsdag.

– Korleis vil dei som får tilbod til barna sine få informasjon om dette?

– Også det er me no i ferd med å få avklart, svarer Nygaard.

Artikkeltags