Gå til sidens hovedinnhold

Jærkommunene vil ikkje tilby Janssen-vaksine

Time, Klepp og Hå seier nei til Janssen-vaksina.

Janssen-vaksinen er ikkje ein del av koronavaksinasjonsprogrammet, men det er opna for at legar kan gje vaksina til dei som ønsker det.

Kommuneoverlegane i Time, Klepp og Hå har i samråd med legesentra avgjort at innbyggarane på Jæren ikkje vil få tilbod om dette, melder dei i ei pressemelding tirsdag.

– Vår vurdering er at det ikkje er fagleg grunnlag for å vaksinera med Janssen når smittetrykket er så lågt som nå, og det er forventa at alle over 18 år har fått sin fyrste dose med Pfizer innan byrjinga av august. Vaksina er heller ikkje anbefalt av helsedirektoratet, seier kommuneoverlege Anders Madsen på vegne av dei tre kommunane.

Legekontora vil ikkje tilby vaksina til sine pasientar, og ber derfor om at dei ikkje vert kontakta om dette.