Fekk bøter som svir etter Jærnåttå

Artikkelen er over 1 år gammel

Tre menn må alle bla opp 13.000 kroner for dårleg oppførsel på Jærnåttå.

DEL

Fredag kveld enda to personar opp i arresten. Grunnen var at dei to kom tilbake til Bryne sentrum etter å ha blitt bortvist av politiet.

Politiet opplyser vidare at dei to er menn i 30-åra og at dei vart kasta ut frå Jærnåttå på grunn av krangling og bråk. Etter kvart forlet dei to sentrum, men kom tilbake kort tid etter.

Resultatet vart 13.000 kroner kvar i bot og ei natt i arresten.

Berusa og kranglete

Det same skjedde med ein mann i 30-åra laurdag kveld. Også han var berusa og kranglete og vart bortvist av politiet i 12 timar.

- Han gjekk til slutt, men kom tilbake igjen og vil bli anmeldt for å ikkje etterkoma pålegg frå politiet, opplyser politioverbetjent, Bjørn Søyland.

Også denne mannen må bla opp 13 tusenlappar etter hendinga.

- Jamt over bra inntrykk

Søyland har ei lang liste med bortvisingar, småknuffing og slåsting etter ei travel festivalhelg på Bryne. Men meiner at inntrykket jamt over har vore bra.

- Dette er erfarne arrangørar og det viser igjen på måten ting blir gjennomført på. Sjølv om det har vore ein del bortvisningar og nokon som drakk for mykje, så er tilbakemeldingane frå våre folk at det i hovudsak har gått rimeleg bra, seier politioverbetjenten.

Fleire av hendingane har skjedd etter at Jærnåttå på torget var slutt for kvelden.

- Tatt i betraktning at det er rundt 4000 personar ute i Bryne sentrum kvar kveld, er politiet fornøgde med arrangementet, seier Søyland.


Artikkeltags