Prima Jæren har fått nytt namn, Prima Brands. Gründer Anbjørn Øglend kunne gjerne tenkt seg eit meir norsk namn, men meiner å ha funne fram til noko som fungerer godt, også i utlandet.

- Må vera tydelege på kor maten kjem frå

Brands betyr merkevare, og det er nettopp Prima sine merkevarer dei no ønskjer å vidareutvikla.

- I tillegg skal namnet Prima Jæren utvikast vidare som regional matskatt og merkevare. Me meiner Prima Brands er meir dekkjande for den vegen me har gått, og for den vegen me skal gå vidare, seier Anbjørn Øglend som er styreleiar i selskapet.

I tider når det er for lite kjøt i den norske marknaden, har Prima Jæren importert kjøt frå utlandet. Mellom anna fekk dei griser frå Finland rundt juletider i fjor.

- I tider der sporing av mat er i fokus, kan det vera problematisk å selja utanlandske griser frå selskapet Prima Jæren. Forbrukarane er nådelause, om me ikkje er tydelege på kor maten kjem frå. Selskapet får no namnet Prima Brands. Kjøt som er norskprodusert og frå Jæren, går ut frå oss under namnet Prima Jæren. Kjøt som er importert, går under namnet Prima Brands. Primabøndene har alltid kalla oss Prima, så for dei blir det inga endring, seier Øglend og smiler.

Omsette for 1,6 milliard

Prima Brands er ein nasjonal kjøtleverandør. - Me har også gått inn i sjømatbransjen der ambisjonen er mykje meir eksport. Då tenkjer me selskapsnamnet Prima Brands vil fungera godt, seier Øglend.

Gründeren frå Egersund etablerte Prima i 1993, etter å ha arbeidd seks år som kjøtskjerar hjå Gilde og gått eit år på maskin og mekanikar. Det som no er Prima Brands, er no eit selskap med kring 240 tilsette og hovudkontor i Kviamarka ved Nærbø.

Omsettinga i 2021 var på cirka 1,6 milliardar kroner. Tilsvarande tal i 2020 var 1,341 milliardar kroner. Omsettinga i år er venta å enda på omlag to milliardar kroner.

Øglend seier at ein del av veksten er knyta opp mot koronapandemien.

- Eg trur heller ikkje at me framover vil sjå ein like stor vekst. Eg trur kjøt generelt ikkje vil veksa særleg, men eg trur at forbrukarane vil ha meir av den type kjøt som me tilbyr, seier Øglend.

Prima Brands vil vera selskapet sitt juridiske namn, til bruk overfor kundar, leverandørar og elles i samfunnet. Prima Jæren vil bli brukt spissa som merkevare og for lokale produkt.

Starta for 29 år sidan

Prima Jæren blei etablert som ei lita skjerebedrift på Vigrestad i 1993. - Me starta sin råvareleverandør, og det tok 15 år før me kom ut i daglegvarebutikkane. Me såg at det var behov for ein aktør som utviklar verdikjeda, og det er bakgrunnen for oppbygginga av Prima Brands, seier Øglend.

500 kjøtprodusentar leverer til Prima Brands, som forvaltar lokale merkevarer som A. Idsøe, Toma, Prima Jæren, Prima Jæren, Jæren Smak, Norsk Angus og Matfylket Rogaland.

Prima Brands har fem produksjonseiningar som alle ligg i Rogaland.