– Det er mest vanleg på Bryne å ha van som russebil, men då måtte me ha delt oss opp i to eller tre bilar. I og med at me har vore ein stor gjeng heile tida, vart det naturleg at me gjorde dette i lag, seier bussjef Silje Lian.

Av dei 17 jentene som er med på bussen, går 16 på Bryne vidaregåande skule og éi på Øksnavad vidaregåande. Dei fleste går studiespesialisering eller idrett. Førebuingane starta på slutten av VG1, då gjengen begynte å setja seg.

– Då hadde me ikkje bestemt at me skulle ha buss. Me begynte ikkje å snakka om buss før på slutten av VG2, seier Ida Elvedahl.

– Me synest jo det er litt sjukt når folk begynner på ungdomsskulen, og startar å planleggja russetida allereie då, seier Ingrid Steine.

Prøver å halda kostnadene nede

– Eg trur ikkje at dei har så veldig mykje betre russetid enn oss, sjølv om dei bruker fleire millionar. Eg tenkjer at det går an å ha ei like bra russetid, sjølv om ein ikkje «maksar» budsjettet, og bruker maksbeløp på alt det går an å bruka pengar på, seier Elvedahl.

Tilbod av russetenester er blitt ein lukrativ industri, som fort betyr millionutgifter for dei som satsar på at alt skal vera frå øvste hylle. Fiks ferdige løysingar finst, i form av selskap som pussar opp russebussar, men kostar flesk. Med bussen «Chicago» ønskjer jentene å demonstrera at russetida i buss kan vera fin og velfungerande, sjølv utan eit busskjøp i millionklassen.

– Me sparer inn der me kan, og gjer mykje sjølve, seier Elvedahl.

Jentene har bede om tenester frå familie og kjende, og gjer det dei kan på bussen. Dei har tent pengar på å selja dopapir, sokkar og telys, og festa band på festglade russ som betalte frivillige på russearrangement.

 

Tek avstand frå grove songar

Russebuss var lenge eit austlandsfenomen, som dei siste åra er kome til Jæren. I fjor vekte gutebussen «Grizzly 2018», med 26 elevar frå Bryne vgs., oppsikt med ein grov russelåt. Russejentene tek avstand frå sexistiske tekstar. Dei meiner songane bidreg til å framstilla russen i eit negativt lys, sjølv om dei fleste russ er fornuftige og lovlydige ungdommar.

– Med russesongar er det blitt ei greie at teksten skal vera drøyast mogleg, utan det treng vera sånn at medlemmane på bussane står dei haldningane, meiner Ingrid Steine.

Jentene kjenner seg ikkje att i alle framstillingane av russetida i media. Utanom dei grove russesongane, har ikkje jentene opplevd ubehag fordi dei er jenter. Dei kjenner ikkje til lokale tilfelle av mindreårige jenter som strippar eller gjev andre seksuelle tenester for å få vera med på rulling.

– Eg synest det høyrest ganske sjukt ut, for me har aldri vore med på noko sånt. Det har vore bussar andre år på Bryne, og me har aldri opplevd noko sånt. Det er dumt at alle blir dregne under éin kam, seier ho.

 

Kjenner seg trygge under russetida

Jentene seier sjølve at dei kjenner seg trygge som russ, fordi dei er ein samla venegjeng som passar på kvarandre, som sørgjer for at ingen blir gåande åleine.

Dei opplever ikkje at det er eit press til å bruka narkotika på Bryne, men veit at det finst tilgang. Dei har valt å delta på politiets kampanje, «Russ mot narkotika», og ønskjer å bruka følgjarmassen sin i sosiale medium til å visa fram at russetida kan vera fin utan bruk av narkotika.

«Chicago»-bussen har valt ikkje å laga ei liste over «terrormål», men russestyret på skulen har ei terrorliste. Jentene seier at russen går mest etter folk dei kjenner, men opplever at toleransen for raid er liten, med strenge reglar frå skulen si side.

– Det blir eigentleg strengare med terrorlister. Skulane er veldig obs på at folk skal ha det greitt på skulen, og ting ikkje går for langt, meiner Steine.

Venegjengen held saman

I fjor gjekk rektoren ved Bryne vgs., Ingunn Folgerø, ut i avisa og prata om «restegruppa». Dei er elevane som ikkje har ein buss eller ein bil å vera i lag med. Politiet er bekymra for sosial ekskludering under russetida.

Jentene kjenner til problemstillinga, og synest det er feil at jenter og gutar blir ekskluderte frå venegjengar som skal skaffa seg buss, på grunn av status og popularitet.

«Chicago»-gjengen fortel at det ikkje har vore nokon diskusjon om kven som skulle vera med. Dei meiner det er viktigare å vera på buss med gode venar enn å vera med ein gjeng for å få status.

– Hadde me vore vandreruss, eller hatt bilar, ville me vore den same gjengen uansett, fordi me er ein venegjeng, seier Elvedahl.

– Det har aldri vore eit spørsmål om dei som er med, skal få vera med. Det har heller ikkje vore spørsmål frå andre om å vera med, som me har sagt nei til. Me er liksom denne gjengen, seier ho.