- Eg la opp som 26-åring. Det er jo ganske ungt, fortel den tidlegare fotballproffen.

Tre gonger kom laget hans på kvalik-plass. Like mange gonger rykka dei ikkje opp. Då plasseringa begynte å dale nedover tabellen, dalte også motivasjonen til Jo.

- I den tida var løna på A-laget symbolsk. Det var ikkje noko å leva av for å sei det sånn. Eg hadde begynt på lærarutdanning og kjende det vart litt mykje, seier han.

Begynte i brunt

Fotballkarrieren begynte i brunt og oransje på Hognestad, gjekk via eit samarbeidslag med Undheim IL og vidare til Bryne FK. Etter å ha vore fast innslag på juniorlaget til Bryne ei stund, var dei fire unge som rykka opp til fast plass på A-laget på likt, sesongen etter at Bryne rykka ned frå eliteserien.

Etter sju sesongar på A-laget, gjekk Jo over som hjelpetrenar og etter kvart spelande trenar for A-laget på Rosseland.

Som trenar har han vore innom både EIK og Frøyland, før han avslutta trenarkarrieren i Rosseland, utanom ein runde innom aldersbestemte Bryne-lag.

- Det er fleire som har vore etter meg, men eg kjenner at skal eg bli trenar igjen, så må eg gå all inn. Og eg har ikkje vore heilt der, seier han.

Saknar garderobekulturen

Lenge trena Jo fotball med ein kompisgjeng i ein hall på Bryne, men måtte til slutt innsjå at kroppen ikkje likte det lenger.

- Eg har ikkje vore flink nok til å ta vare på meg sjølv, og dreiv nok rett og slett litt rovdrift på kroppen, seier han og nikkar mot leggane som toler ein del springing og styrketrening kvar veke, men på eit hallgolv blir det fort trøbbel.

- Det eg saknar mest, er nok garderobekulturen før og etter trening. Eit godt miljø der gir ofte nokre ekstra poeng, meiner den tidlegare trenaren.

Han skulle gjerne snørt på seg fotballskorne igjen.

- Hovudet vil jo heile vegen, men det er kroppen som stoppar det. seier han.

Fotballinteressa er framleis på plass, særleg for engelske Everton. Det heile starta ganske tilfeldig som 7-8-åring.

- Eg såg ein tippekamp på fjernsynet. Everton vann 5-0. Då var det gjort. Eg hugsar eg fekk ei Manchester United-drakt av far min ein gong og den gjekk eg med til ho datt i frå kvarandre, men det var aldri snakk om å bytta lag. Det gjer du bare ikkje. Uansett, seier han bestemt og ler.

Lye skule

Som nyutdanna lærar fekk Jo jobb på Lye skule. Der treivst han så godt at han er der ennå.

- Det er utruleg mykje kjekke ungar og foreldre. Eg trivst veldig godt som lærar, smiler læraren som i år er kontaktlærar på 5. trinn.

- Eg liker veldig godt alderstrinna 5.-7. Eg føler det er der eg passar best, seier læraren som underviser i det meste utanom kunst og handverk og mat og helse.

- Det er ikkje så mange som sluttar som lærarar på Lye skule. Det er ein kjekk arbeidsplass og eg kjenner absolutt ikkje på at eg må skifta for å skifta, smiler han.

Jobben på Lye skule gjorde også at Jo og ekskona vart spurte om å bli fosterforeldre.

- Det kom litt brått på, men det var ein lærerik prosess og me var så heldige å få bli kjende med ei veldig kjekk jente, smiler han, og legg til at dei framleis held kontakten.

Jo var gift i mange år, men livet tok ein uventa venning og samlivsbrotet vart eit faktum. I dag bur han høgt og fritt i ei ny leilegheit på Bryne.

- Eg har nesten ikkje hatt noko motgang i livet mitt, så eg kan ikkje klaga, seier han, utan å leggja skjul på at det sjølvsagt er tøft med eit brot etter mange år i lag. Han har framleis kontakt med stedøtrene og anna kvar veke har han ansvaret for deira felles hund.

Tysdag rundar Jo 50. Akkurat det innrømmer han at han har eit litt anstrengt forhold til.

- Det er det der 5-talet. Eg hadde ingen problem med verken 3 eller 4, men eg kjenner det er litt annleis denne gongen. Nå er eg halvvegs i livet, slår han fast.

Han har ikkje planlagt noko stor feiring.

- Det blir lite festivitas. Eg tar det stilt og roleg, seier jubilanten.