Kvart år må politiet leggja vekk ei rekkje lovbrot fordi det er tvil om gjerningspersonen er tilrekneleg. Bare i løpet av dei to siste åra har det vore 190 slike saker på Jæren. Kvart år blir det henlagt rundt 500 saker i Sør-Vest politidistrikt på dette grunnlaget.
Ei lovendring som trådde i kraft i 2016 skulle gjera det enklare å dømma psykisk sjuke kriminelle gjengangarar til tvungent psykisk helsevern, men dette har vist seg vanskeleg å få til i praksis.
Ingen av sakene som er etterforska ved Jæren lensmannskontor har endt med dom på tvungent psykisk helsevern etter den nye lova.
– Dette er krevjande. Utilreknelege personar kan ikkje straffast. Samtidig har me behov for å beskytta mot lovbrot med omfattande konsekvensar for andre borgarar og samfunnet. Dette er bakgrunnen for lovendringa i 2016, seier justisminister Emilie Enger Mehl (Sp).
Ho legg til at regjeringa i Hurdalsplattformen har lagt opp til å gjennomgå ansvarsfordelinga knytt til handtering og oppfølging av personar med rus- og psykiatrilidingar.
– Det arbeidet har me starta på, seier Enger Mehl.

Fire personar er knytt til 134 lovbrot i løpet av to år. Ingen av dei kan straffast
– Kvifor har ikkje lovendringa frå 2016 hatt nokon synleg effekt?
– Eg vil ikkje konkludera med at lovendringa ikkje har hatt nokon synleg effekt. Dette må bli analysert nærmare, og eg kan derfor ikkje i dag koma med eit svar på det. Regjeringa må få lov til å sjå nærmare på dette. Då er det naturleg at me snakkar med både politi og påtalemyndigheit.
– Kva kan gjerast for å betra situasjonen?
– Som sagt, dette er krevjande, og me er i gong med å sjå på det som ligg bak tala. Helse- og omsorgsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet jobbar med å tydeleggjera ansvars- og oppgåvefordelinga mellom helse- og omsorgstenestene og politiet for å sikra at politiet sine ressursar blir brukt på rett måte, seier justisminister Emilie Enger Mehl og held fram:
– Politidirektoratet og Helsedirektoratet har fått i oppdrag å revidera det felles rundskrivet om helsetenestene og politiets ansvar for psykisk sjuke.
Det lovtomme rommet
Denne artikkelen er ein del av ein større nyheitsdokumentar kor Jærbladet ser på problemstillinga med lovbrytarar som ikkje kan straffast. Dei er for sjuke til å kunne bli dømt til fengsel.
Kvart år legg politiet i Noreg vekk tusenvis av saker fordi gjerningspersonen ikkje er tilrekneleg. Jærbladet har avdekka at det på Jæren er blitt lagt vekk 190 lovbrot på dette grunnlaget bare i løpet av dei to siste åra.
Ei ny lov frå 2016 skulle gjera det enklare å dømma desse lovbrytarane til tvungent psykisk helsevern. Likevel har talet på saker som blir henlagt på dette grunnlaget, bare økt.
Ingen av sakene som er blitt etterforska ved Jæren lensmannskontor, har endt med dom på tvungent psykisk helsevern etter den nye lova.
I denne dokumentaren ser me på kvifor det er slik, og korleis vanlege folk blir råka av lovbrota.
Kven er personane som ikkje kan straffast? Og kva kan samfunnet gjera?
Prosjektet er gjort i samarbeid med Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) ved Universitetet i Bergen.
Her kan du lesa alle sakene som hittil er publisert i serien Det lovtomme rommet.