Kjekke ting til helga: Vil du møta ein tjuv på kinoen, springa maraton eller eta kake på biblioteket?

MANGFALD: I helga blir Lars Sigurd Tjelle innsett som ny prost, og du kan sjå Klepp spela kamp mot Kolbotn. Henrik Ingebrigtsen inviterer til løpeprat, Tore Renberg til jubileumskonsert.

MANGFALD: I helga blir Lars Sigurd Tjelle innsett som ny prost, og du kan sjå Klepp spela kamp mot Kolbotn. Henrik Ingebrigtsen inviterer til løpeprat, Tore Renberg til jubileumskonsert.

Moglegheitene er mange om du enno ikkje har bestemt deg for kva du skal gjera i helga.

DEL

TV-aksjonen viser igjen

Det blir ingen bøsseberarar på dørene i samband med årets TV-aksjon. 2020-versjonen av den tradisjonsrike aksjonen er heildigital. Likevel vil aksjonen visa igjen. I Hå inviterer Frivilligsentralen sundag til aktivitetar og vaflar i Obrestad hamn, ved Varhaug gamle kyrkjegard, på Hårr og ved Kvassheim fyr.

I tillegg skal Nærbø skulekorps og drill ha konsert i Nærbøparken. I parken vil også huset ha ope.

Direktekampar på jbl.no

Jærbladet sender direkte frå fleire kampar og eit terreng- og mosjonsløp. Laurdag kan du sjå sluttspelkampen Bryne – Fløy direkte på jbl.no frå klokka 14:00.

Sundag er det toppseriekampen Kolbotn – Klepp som gjeld. Denne kampen kan du sjå direkte på jbl.no frå klokka 13:00.

Sundag kveld frå klokka 20:30 blir eliteseriekampen Nærbø – Elverum sendt på kanalen TV 2 Sport 2 frå klokka 20:30.

Sundag blir det også direktesending frå Gjesdal Trailrun, eit terreng-/mosjonsløp som blir sendt direkte på jbl.no frå klokka 12:00.

Garanterer allsong

– Her blir det allsong, garantert, skriv Hans Berge Stokkeland i Facebook-gruppa «Hva skjer på Jæren & omland». Ogna Scene ventar besøk av Gunnar Andersen, som entrar scena laurdag klokka 20.00. Dørene opnar klokka 19.00, og billettar blir selde på nettet.

Tjuven kjem til Jæren

Fredag kveld kan du møta hovudpersonen i den kritikarroste dokumentaren «Kunstneren og Tyven» på Bryne Kino. Etter at filmen er vist, blir publikum invitert til ein samtale mellom Bertil Nordland, som er tjuven i filmen, Olav Ovaa, verksemdsleiar i Blå Kors Steg for Steg Stavanger, og fagsjef i Blå Kors Steg for Steg, Anders Leinebø. Fokuset i samtalen blir på historia som det ikkje blei laga film av.

Det har gått to og eit halvt år sidan siste scene blei spelt inn, men Bertil si reise attende til seg sjølv og samfunnet hadde så vidt starta. Publikum vil få høyra om Bertils møte med nye forventningar, identitet, stigma og eigne negative mønster.

Han vil snakka om å våga å bli elska og om å byggja opp sjølvbilde nok til å strekkja seg etter nye milepålar.

Kake og konsert på biblioteket

Time bibliotek feirar 10 år i oktober. Jubileet blir markert over fire dagar med arrangement for både barn og vaksne. Biblioteksjef Aud Søyland Kristensen fortel litt om programmet:

– Det startar torsdag 15. oktober med opningsfest med forfattarane Ingrid Z. Aanestad og Pia Kaldheim. Fredag 16. oktober blir det arrangert Harry Potter book night, og laurdag 17. oktober blir det familieshow med høgtlesing og fødselsdagskake til dei som tek turen. Feiringa blir avslutta med jubileumskonsert med Tore Renberg sundag 18. oktober, fortel ho.

Undheim maraton og maratonstafett

Laurdag klokka 10.00 er det duka for Undheim maraton og maratonstafett på Undheim stadion. Det er maratondistanse individuelt på 42,2 kilometer og stafett på 42,2 km der eit lag på fire personar spring 10,5 kilometer kvar.

Trening og løpeprat med Ingebrigtsen

Sundag inviterer Robust Trening og Fysioterapi på Bryne til trening og løpeprat med Henrik Ingebrigtsen. Narve Gilje Nordås og tilsette på Robust vil også vera til stades. Dei frammøtte vil bli følgde tett opp under intervalløkta. Dei vil også få svar på eventuelle spørsmål. Treninga vil vera tilpassa alle nivå og utgangspunkt. Arrangementet er gratis for medlemmar, andre må betala 300 kroner. Det er bindande påmelding på Facebook.

Det blir to grupper med maks 20 personar klokka 16.00 og klokka 17.00. Oppmøtet på Robust blir seinast 15 minutt før oppstart, deretter skal deltakarane gå i samla flokk til Sandtangen.

Innsetjing av ny prost

Sundag klokka 18.00 blir det gudsteneste for heile prostiet i Time kyrkje ved sokneprest Yngvar Nilsen, prost Lars Sigurd Tjelle og biskop Anne Lise Ådnøy. Lars Sigurd Tjelle blir innsett som ny prost under gudstenesta. Det blir nattverd og takkoffer til TV-aksjonen og WWF Verdens naturfond. Grunna avgrensa plassar blir det påmelding til gudstenesta på nettet, shorturl.at/fABFQ, eventuelt på telefon 990 26 276.

Byggjekonkurranse på biblioteket

Dei som er mellom sju og 17 år og bur i Hå, kan fredag delta i konkurransen Biblilbattles – Minecraft byggjekonkurranse. Den lokale turneringen med 15 deltakarar startar på biblioteket på Nærbø fredag klokka 18.00.

Turneringa blir også strøyma med kommentator og ho er tilgjengeleg for alle på www.twitch.tv/bibliogames. Arrangør er biblioteket i Hå.

Brettspel hjå Frelsesarmeen

Fredag klokka 19.30 er det klart for Board game brettspel på Frelsesarmeen Bryne. Dette er eit brettspel for vidarekomne, og aldersgruppa er frå 15 år og oppover.

Basar i kyrkja

Time sjømannskirkeforening har basar i Bryne kyrkje freda 16. oktober klokka 19.00. Leif Johannes Netland blir med, og det blir allsong. Ta gjerne med lapp med namn og telefonnummer for å gera registreringa raskare, oppmodar arrangøren.

Sundagstur med Ganglaget

Turgruppa Ganglaget arrangerer sundagstur til Grødelandsstemmen. Turen varer i cirka 2,5 timar og han blir karakterisert som lett. Det er frammøte på Mega Brueland i Sandnes klokka 10.30, og på parkeringsplassen på Grødelandstunet klokka 11.15. På grunn av koronaen blir det ført deltakarliste.

Sang- og musikkmøte i Frelsesarmeen

Sundag klokka 18.00 blir det song- og musikkmøte i Frelsesarmeen på Bryne. Det kjem besøk frå Haugesund av tre svograr som syng og spelar. Major Anne Gurine Oskarsson skal ha andakten.

Artikkeltags