Gå til sidens hovedinnhold

Kjenner du att dette verktøyet? Då bør du ringja politiet

Under ei ransaking har politiet kome over ein del verktøy som dei gjerne vil levera tilbake til dei som eig det.

- Men me finn ikkje eigaren. Verktøyet stammar nok frå tjuveri frå byggjeplassar eller arbeidsbil det siste halve året, opplyser politioverbetjent Morten Slettebø ved Jæren lensmannskontor.

Så kjenner du att noko av verktøyet som ditt: Ta kontakt med lensmannskontoret.