Gå til sidens hovedinnhold

Klar oppfordring frå Hå kommune: – Bruk munnbind på toget

Sundag kveld har Hå kommune ei klar oppfordring til ungdom som må ta toget til skulen.

Hå kommune går sundag kveld ut med klar tale til innbyggjarane sine.

– Bruk munnbind når du reiser med toget og ikkje klarer å halda to meter avstand. På dei travlaste avgangane er det mange som står tett, og då er det nødvendig å nytta munnbind, seier ordførar Jonas Skrettingland og minner om nasjonale tilrådingane om avstand og munnbindbruk.

Kommunen oppfordrar vidare til at håbuen er ekstra observant på smittevernreglane og -anbefalingane i veka som kjem.

Ungdomsmiljøet

Smittesporingsteamet har jobba gjennom helga med å kartlegga og orientera alle nærkontaktane til dei smitta ungdommane. Så langt i løpet av sundagen har det ikkje kome fleire positive testar.

– Men det er fyrst om ei veke når nærkontaktane har fått testa seg for andre gong, at me vil få sjå heile omfanget av situasjonen. Det er dermed svært viktig at alle held karantenereglane og smittevernreglane generelt, seier Madsen.

Kommunen har også oppretta ein koronatelefon for dei som er i isolasjon eller karantene og har oppfølgande spørsmål.

Nummeret til denne er 916 64 225.

Les også

Tilsett ved Hå sjukeheim smitta: Ti i karantene

Les også

Koronasituasjonen: Dette er det foreløpige resultatet av elevtestinga