Tolv søkjarar vil ha jobben til Trond Roy

Trond Roy Pedersen er kommunalsjef for barn og unge i Klepp kommune. 1. juli blir han pensjonist.

Trond Roy Pedersen er kommunalsjef for barn og unge i Klepp kommune. 1. juli blir han pensjonist. Foto:

Sju kvinner og fem menn i alderen 20 til 54 år har søkt stillinga som kommunalsjef for barn og unge i Klepp.

DEL

1. juli blir Trond Roy Pedersen pensjonist. Han er kommunalsjef for barn og unge i Klepp. Pedersen har hatt det overordna ansvaret for skulane, barnehagane og oppvekstarbeidet i Klepp i over 23 år.

To rundar

Klepp kommune har tre kommunalsjefar, som styrer kvart sitt tenesteområde, og som rapporterer til rådmannen. Tidlegare vart kommunalsjefane tilsette av politikarane, men den oppgåva er nå delegert til rådmannen.

Stillinga vart lyst ut med søknadsfrist 10. mars. Då fristen var ute, var ikkje kommunen fornøgde med talet på søkjarar og valde å ta ein ny runde. Då denne runden vart avslutta, hadde det komme inn 16 søknader.

Fire av desse har i etterkant valt å trekkja søknaden sin. Derfor står det tolv namn igjen på den offentlege søkjarlista.

Søkjarane er sju kvinner og fem menn og aldersspennet er frå 20 til 54 år.

Desse har søkt:

  • Anne-Jorunn Bjørkum Leigvold (53), Stavanger, barnehagesjef Klepp kommune
  • Silje Nygård (44), Time, verksemdsleiar for barne- og familieeininga, barnevernssjef og leiar for psykisk helse barn og unge i Sandnes kommune.
  • Lars Staveland (48), Klepp, programrådgjevar
  • Victoria Johansen (20), Klepp, praksis på Normal på Jærhagen
  • Vegard Gjerstad-Sørensen (41), Stavanger, dagleg leiar
  • Rebecca Stålesen (20), på jakt etter fast, Lye
  • Muniarajan Ramakrishnan (34), Oslo, Assistant professor in clinical psychology
  • Harald Nedrelid (40), Sandnes, rektor ved Sandnes læringssenter
  • Lindis Jaatung (54), Sandnes, sjølvstendig
  • Bjørnar Fjellhaug (40), Trondheim, rektor/einingsleiar
  • Vigdis Vatne (40), Sandnes, rektor
  • Anne Inghild Johnsen Maldal (52), Sola, miljøarbeidar/utviklar


Artikkeltags