Klepp tek imot 20 flyktningar

Klepp har hatt stor framgang når det gjeld å få flyktningar ut i ordinær skule eller arbeid, men no vil politikarane ha ytterlegare forbetringar.

DEL

– Kommunestyret ber om ei sak som viser korleis me kan setja i verk tiltak for å få fleire flyktningar som er ferdig i introprogrammet, ut i ordinært arbeid. Saka bør visa korleis Flyktningefondet kan brukast til å finansiert slike tiltak, heiter det i eit samrøystes vedtak frå Klepp kommunestyre måndag.

I 2016 gjekk berre 11 prosent av flyktningane i Klepp ut i sjølvforsørging gjennom arbeid eller utdanning etter å ha avslutta det obligatoriske introduksjonsprogrammet for flyktningar. I 2018 var talet oppe i 53,4 prosent, og flyktningtenesta reknar med omtrent den same andelen i år. På landsbasis var gjennomsnittet i 2018 55 prosent.

– Det går rett veg, men me har enno noko å gå på, konkluderte Arne Madland (Frp) i kommunestyret.

Alle politikarane stemte også for å ta imot 20 nye flyktningar pluss familiesameining i 2020, det same talet som i år.

Artikkeltags